Skole
Her vil du kunne lese nyheter fra Nordhordland Kristne Grunnskole, og i tillegg en del stoff relatert til kristne privatskoler forøvrig.
Skolestart med fulldelt skole
Fortsatt noen ledige plasser

Også i år har det vært god søknad til Nordhordland Kristne Grunnskole. Tallet på elever har holdt seg jevnt de siste årene, og er ved skolestart høsten 2017 fire flere enn ved skolestart i fjor, nemlig 121 elever. Av disse er det 7 førsteklassinger. 18 av elevene er helt nye ved vår skole.

Dette skoleåret er NHKG for første gang en fulldelt skole. Kontaktlærere er: Rannveig Aasgard Myhre (1.trinn), Eva Winnem (2.tr.), Margrethe Hjellum Eidsnes (3.tr.), Anne Kristin Fiksdal (4.tr.), Lise Geitanger (5.tr.), Kjersti Hubbard (6.tr.), Hilda Birkelund Nøttveit og Elisabeth Langeland (7.tr.), Anders Aune og Hilde Haukeland (8.tr.), Inger Eilertsen og Tommy Lillehauge (9.tr.), Cato Geitanger og Lars-Erik Strand (10.trinn).

Lise Geitanger er inspektør i barneskolen og Øystein Litleskare i ungdomsskolen. Skolens rektor er Gunn Skjerping Knudsen.

I september kommer det en ny elev i 1.klasse.

Bildet: 10.klasse ønskes velkommen første skoledag.

27/08/2017

Olavsborg Kristne Skole i Sarpsborg ny medlemsskule i KP-nett
 Kristent Pedagogisk Nettverk (KP-nett) har no fått enda ein medlemsskule, den nystarta Olavsborg Kristne Skole i Sarpsborg kommune. Dermed har nettverket i alt 17 medlemsskular.

Olavsborg Kristne Skole kom i gang hausten 2015, og har 17 elevar frå starten. Planen er å utvide med ein ny klasse kvart år, til det finst eit fullt grunnskuletilbod frå 1.-10.klasse.

KP-nett sin styreleiar er Per Ole Aalberg, og Olav Sollid er tilsett i nettverket som skuleutviklar i 30% stilling. Sollid har tidlegare vore rektor ved Nordhordland Kristne Grunnskole i Alversund i 14 år, og er framleis tilsett i ein stilling der.

Annankvart år vert det arrangert ein lærarkonferanse for tilsette ved KP-nett-skulane. I november 2015 vart den 4. konferansen i nettverket si historie arrangert på Lillestrøm, med 270 deltakarar. Dei fyrste konferansane vart arrangert i Alversund (Nordhordland), Tønsberg og Trondheim.

KP-nett si nettside finn du eit oversyn over alle dei 17 skulane i nettverket. Der kan du også lesa andre nyhende frå nettverket, og sjå bilete frå den siste lærarkonferansen.

Bileta: Over: styreleiar Per Ole Aalberg. Under: Skuleutviklar Olav Sollid.

11/01/2015/Kåre
Julegudstjeneste i Alversund kirke
 I år hadde Nordhordland Kristne Grunnskole sin julegudstjeneste i Alversund kirke. Det var sang- og musikkinnslag ved elevene, andakt av pastor Terje Tofting, og overraskende besøk av to tidligere elever som nå går på bibelskole. Rektor Gunn Knudsen ledet samværet. Skolen satte stor pris på å få bruke den vakre kirken til dette arrangementet.

22/12/2015
Flott forestilling for foreldrene
Mange foreldre ved Nordhordland Kristne Grunnskole fikk med seg det flotte julespillet som elevene i barneskolen framførte nå i desember. Noen elever i ungdomsskolen hjalp også til med det musikalske. Musikklærer May Sissel Rismyhr Jansen hadde laget stykket, og mange medhjelpere deltok i forberedelsene med å sy kostymer, lage kulisser og så videre. Noen har sikkert lest reportasjen i Strilen med den treffende tittelen «glimt av himmelen», for her fikk vi juleevangeliet presentert i en noe uvanlig form, med Himmelen som utgangspunkt. Elevene imponerte virkelig med flott sang og musikk, og sprudlende danseinnslag. Tilbakemeldingene fra de som fikk se julespillet har vært mange og gode. Tusen takk til alle dere som var med og gjorde dette til en så flott opplevelse for oss alle!

Hentet fra nhkg.no sin nyhetsside.
"Vi har ingen å miste"

I dag aksjonerte Nordhordland Kristne Grunnskole og Alversund Montessoribarnehage for trygg skuleveg og redusert fartsgrense på Alverflaten. Foreldreutvalet ved skulen var initiativtakar til aksjonen.

Barna hadde laga plakatar og banner med krav om 50-sone forbi busshaldeplassane i Alvermarka nord, der elevane dagleg ventar på skulebussen. I dag er dette ei 70-sone. Av Nhkg sine 120 elevar, er det cirka 70 som tar buss til og frå skulen. 40 av desse er barneskuleelevar. Med så mange små barn på haldeplassane, kan det lett oppstå farlege situasjonar. Fau-leiar Catherine Ulvik har sjølv opplevd å verta påkøyrd som barn, noko ho fortel om i BT si nettavis. No brenn ho for at skulebarna skal ha ein så trygg skuleveg som mogeleg. Søknad til Statens vegvesen om fartsreduksjon har ikkje ført fram, så då fann Fau tida inne til å aksjonere for saka. "Vi har ingen å miste" stod det på ein av plakatane i demonstrasjonstoget. Aksjonen vert også støtta av velforeininga. Politiet stilte også opp og passa på at gjennomføringa av aksjonen gjekk greitt. No håpar både foreldre og elevar at dei vert høyrt, og at 50-sona som i dag startar i Alversund kan forlengast forbi Alvermarka nord.

01/06/2015

Vellukka Prøysenkveld på NHKG
Blåbærvise
Blåbærvise
Julepresangen
Julepresangen
Lille måltrost
Lille måltrost
Gunnar og Olga
Gunnar og Olga
Tango for to
Tango for to
Hompetitten
Hompetitten
Vise for gærne jinter
Vise for gærne jinter
Basarvise
Basarvise

I år er det 100 år sidan forfattaren og visesongaren Alf Prøysen vart fødd. I samband med dette har elevane i 1.-9.klasse ved Nordhordland Kristne Grunnskole laga eit program med nokre av Prøysen sine viser.

Torsdag 20.november hadde dei 3 framsyningar på skulen, fyrst for ein del barnehagebarn frå to barnehagar i nabolaget, og deretter 2 fullsette framsyningar på kvelden der foreldre, besteforeldre og sysken hadde møtt fram.

På Prøysenkvelden vart i alt 12 av Prøysen sine viser presentert av dei ulike klassane. Tidsriktige klede og kulissar illustrerte visene. Vibeke Midttun spela piano til songane, i tillegg til at også mange elevar spela på ulike instrument. Andre elevar var dyktige solistar. Mellom visene, medan kulissane vart endra og nye elevar kom på scena, fekk vi høyra korte og morosame replikkar frå det gamle ekteparet Olga og Gunnar. Dei sat på ein benk og mimra om gamle dagar, meisterleg spela av to gutar i 9.klasse.

Programmet var variert og morosamt, og alle såg ut til å lika det dei fekk sjå og høyra. Rektor Gunn Knudsen takka alle for innsatsen, og musikklærar May Sissel Rismyhr Jansen, som leia det heile, fekk blomar som takk. Mellom framsyningane var det kafé med sal av kaffi og kaker. Dette var det 10.klasse som stod for, og inntekta går til klasseturen som dei skal ha før sommaren.

Foto: Frå Prøysenkvelden: Helene harefrøken

24/11/2014

Nordhordland Bibelsenter Alvermarka 39, 5911 Alversund
___________________________

Tlf: 902 20 938
E-post: post@bibelsenter.no
___________________________

Konto nr.:
6529 05 14767
Konto nr. misjon: 6529 05 14791