Misjonærer

1. Lars Olsen Skrefsrud (1840-1910)

FRÅ BOTSFENGSELET TIL MISJONSMARKA: NORGES STORE MISJONÆR

Lars Olsen Skrefsrud vart fødd på garden Engesveen på Fåberg ved Lillehammer i 1840. Då han var 11 år flytta familien til husmannsplassen Skrefsrud, under Lysgård. Han hadde gode evner, men foreldra hadde ikkje råd til å gjeva han vidare skulegang. I staden starta han i lære hjå ein koparsmed på Lillehammer.

I fengsel

I tenåra kom Lars saman med dårlege kameratar. Det vart mykje fyll, og saman med kameratane gjorde han fleire innbrot. Han vart arrestert og dømd for tjuveri, og hadde nett fylt 19 år då han hamna i Botsfengselet i Oslo. Her sat han i mest 3 år.

I fengselet fekk Lars brev frå ei jente frå Fåberg, og breva gav han trøyst. Han vende no om til Gud, og lærde seg på kort tid Det nye testamente utanåt. Han lærte seg også engelsk og tysk. Unge Lars vart sterkt gripen av ei bok om Peder Fjeldstedt, fattigguten som vart misjonær, og han fekk sjølv misjonskall.

Til Tyskland - og vidare til India

Då Lars kom ut av fengslet tok han seg arbeid på Nylands mekaniske verkstad, og brukte fritida til å læra seg latin og gresk. Han forlova seg med jenta han hadde brevveksla med, Anna Onsum. Men søknaden om å koma inn på misjonsskulen i Stavanger vart avslått. Dei kunne ikkje ta inn ein som var straffedømt. I staden kom han inn på ein misjonsskule i Berlin, og her studerte han gresk, hebraisk, latin, tyrkisk og hindi samtidig. Det dei andre brukte 4 år på å lære, lærte han på 1 år, og likevel var han den beste til eksamen.

No skulle Lars Skrefsrud reise til India som misjonær. Han kom for seint til skuta han skulle reise med, men denne båten forliste utanfor Afrika. I 1863 kom han til India, og studerte no bengali og sanskrit. Han fekk malariafeber, og svevde lenge mellom liv og død.

I 1865 kom også Anna Onsum til India, og dei gifta seg.

Santalmisjonen

Arbeidet for å nå santalane med evangeliet kom i gang i 1867*. Danske Hans Peter Børresen, og hans tyske kone Caroline, stod med i dette arbeidet heilt frå starten. Våren 1869 stod misjonsstasjonen Ebenezer ferdig i landsbyen Benagaria. Skrefsrud starta no arbeidet med å læra språket. Etter berre 3 månader kunne han tala santali. Han laga eit alfabet og eit heilt nytt skriftspråk, for det hadde ikkje santalane.

Santalane var animistar som trudde på åndene, men dei lytta når misjonæren forkynte evangeliet om Jesus Kristus for dei. I slutten av mars 1869 vart dei tre fyrste santalane døypte, og ein av dei, Siram, vart ein av Skrefsrud sine nære medarbeidarar.

I byrjinga opplevde misjonærane mykje motstand, og misjonskyrkja vart sett fyr på og brann ned. I 1870 døydde også kona Anna, og dette var eit tungt slag for Lars.

Juledag 1870 stod den nye kyrkja ferdig, og 500 santalar hadde møtt fram til gudstenesta denne dagen.

Arbeidet veks

I 1873 vart det hungersnaud mellom santalane, og dei strøymde til misjonsstasjonen for å få mat og hjelp. No var det også mange som let seg døypa. Talet på døypte hadde i 1874 passert 1500. Likevel var det ikkje slutt på motstanden, og dei nye kristne måtte tåle mykje forfylging. Motstanden minka då fleire av høvdingane også vart kristne.

Lars Skrefsrud gjorde mykje for santalane, mellom anna for å hjelpa dei bort frå den øydeleggjande rusdrykken. Han var også domar mellom dei, og førte mange saker for dei i retten. Sosialt er det ingen som har gjort så mykje for santalane som det Skrefsrud gjorde. Dei hadde vanskeleg for å uttala namnet hans, og blant dette folket vart han heitande Kerap.

Skrefsrud skreiv lesebøker på santali, ei salmebok, omsette Luther si katekisme og ei bibelsoge. Og han starta på omsetjinga av Bibelen, noko som seinare vart fullført av den norske misjonspresten Paul Olaf Bodding.

Etter som Santalistan var eit magert og fattig land, såg Skrefsrud seg om etter eit nytt landområde for santalane. Det fann han i Assam, ved Bramaputra. Her slo mange santalar seg ned, og kolonien fekk namnet Takarpura, som tyder «Guds heim». I Takarpura vart det bygd kyrkje og to skular.

I Norge

Lars Skrefsrud var fleire turar heime i Norge, og då han før utreisa i 1883 skulle tale i Vår Frelsars kyrkje i Oslo, strøymde det så mykje folk til kyrkja at dei måtte flytte arrangementet til Festplassen. Over 12000 menneske var samla for å høyre han tale, og han tala i to og ein halv time.

Då Skrefsrud ein gong vart spurt av kong Christian 9. om det var sant at han kunne tale 42 språk, svarte han at det ikkje kjem an på kor mange språk ein kan, men kva ein seier på desse språka.

Rik og varig frukt

I India vart det bygd skular, apotek, trykkeri, og ei ny steinkyrkje som hadde plass til 3000 menneske. Arbeidet hadde stor framgang, og då Lars Skrefsrud døydde i 1910 hadde dei døypt om lag 16000 santalar. I dag finst det 150000 kristne santalar i delstatane Jharkhand, Bihar, West Bengal og Assam. Desse er ei frukt av det arbeidet Lars Skrefsrud og hans medarbeidarar starta for snart 150 år sidan.

Kjelder: Eiga særoppgåve frå 1970, med desse kjelder: Aage Hallsberg: Erobreren uten våpen. Lars Bakke Asbjørnsen: Livets eventyr; historien om Lars Skrefsrud. Johannes Gausdal: Santalmisjonens historie på misjonsmarken. I tillegg: Wikipedia, Norsk biografisk leksikon og Norsk misjonsleksikon, band III.

*Tillegg: Skrefsrud samarbeida fyrst med engelsk baptistmisjon, men seinare vart arbeidet knytt til den lutherske kyrkja her heime og i andre land. Den norske Santalmisjon vart starta for å støtte arbeidet mellom santalane i India. I dag er dette ein del av Normisjon.

24/03/2016/Kåre Hindenes

2. David Olai Indrevær (1863-1925)

FILIPPINER-LUND

Historien om Filippiner-Lund er som eit eventyr. Det er forteljinga om den fattige fiskarguten frå Sogn som vart ein av vårt lands mest særeigne misjonærar. Med livet som innsats arbeida han meir enn 20 år på Mindanao og Suluøyane i det sørlege Filippinene.

Barndom og ungdom

 David Olai Rasmussen Indrevær vart fødd på Indrevær i Sulen (Solund) 22. desember 1863. På denne nakne øya utanfor munningen av Sognefjorden, i den fattigaste heimen i bygda, vaks han opp. Tidleg fekk han høyra om Jesus gjennom ei truande kvinne i heimbygda, som også bad for han så lenge ho levde. Då han var i 13-årsalderen kom det også ein truande lærar til bygda, som vart til stor åndeleg hjelp for David Olai.

David Olai deltok på fiske, og fekk på den måten pengar til noko utdanning. Han var flink til å syngja og spela gitar, og reiste ein del rundt og hadde kristne møte. Misjonærkallet fekk han truleg alt i barndomsåra.

Til Amerika

I 1890 reiste David Olai til Amerika. Ein farmar som han arbeida hjå, vart omvend til Gud, og vart svært glad i sogneguten. Dersom han ville ta farmaren sitt namn, skulle han også få arva han. Slik gjekk det til at han frå no av vart heitande Lund.

I Amerika reiste han som evangelist, og gjekk på skular som kunne gjeva han teologisk kunnskap. Han var i Japan der han også studerte medisin. Då han kom attende frå Japan gifta han seg med svenskfødde Hulda Frykman.

Lund finn sitt misjonsfelt

Gjennom ein bror av kona, som hadde vore i Filippinene som soldat, vart det klart for Lund at det var til dette landet Gud ville senda han. Han reiste ut i 1901, og kona fylgde han året etter. Dei var fyrst i hovudstaden Manila, men forstod etter kvart at det var på Mindanao i Sør-Filippinene dei skulle slå seg ned. Hit kom dei i 1904, og fekk sin misjonsstasjon i byen Zamboanga.

Misjonærar hadde kome til dette området eit par år før Lund kom. No vart han ein av pionerane, og den fyrste norske misjonæren her. Det var lite med vegar på Mindanao på denne tida, og Lund måtte ta seg fram i ein kano, laga av ein uthula trestamme. Seinare vart det seglbåt, og motorbåt.

Suluøyane

Frå Zamboanga går det ei øygruppe i ein boge heilt ned til Borneo. Dette er Suluøyane. Også her tok Lund opp misjonsarbeid, blant eit folk som høyrde til dei villaste og mest barbariske stammane som fanst i Filippinene. Mange av dei levde som sjørøvarar, og mord og plyndring høyrde til dagens orden. Her kom Lund i kontakt med stammar som aldri før hadde sett ein kvit mann. Nokre av øyane var så vanskeleg tilgjengelege at dei at dei innfødde måtte bera misjonæren på ryggen.

Ein gong Filippiner-Lund skulle vitja ei farleg øy, fekk han fyrst ikkje lov hjå guvernøren.Til sist fekk han reisa på eige ansvar. "Ikkje på mitt ansvar, men på Hans som har sendt meg til dette folket med bodskapen om frelsa", var misjonæren sitt svar. På denne øya budde Lund hjå ein sjørøvarhøvding som hadde drepe 42 menneske. Han hadde også bestemt seg for å ta livet av denne kvite inntrengjaren. Istaden vart han omvendt til Gud.

Ofte i fare

Lund var ofte i livsfare blant eit krigersk folk og i eit tropisk klima med mange smittsame sjukdomar. Andre farar var dei giftige slangane. Desse kunne rett som det var detta gjennom hustaket, som var laga av lauv og greiner. Misjonæren fekk ein australsk katt i gåva, og fyrste natta den var i huset tok den 9 slangar! Av desse var 5 kobraslangar, som er svært giftige. "Men slangane kan jo falla opp i senga dykkar" var det ein som sa. "Nei, der kan dei ikkje falle", sa Filippiner-Lund, "for der er handa hans Far". Dette var eit typisk svar frå ein som kjende Gud som sin ven, og som levde i tru og tillit til sin Himmelske Far.

I Noreg

Då David Olai Lund vitja Noreg i 1920, hadde han 7 organiserte kyrkjelydar på Mindanao. Dette var hans tredje og siste vitjing i Noreg, og denne gongen fekk han gleda av å leia sine gamle foreldre til Jesus. Hans tidlegare besøk i Noreg var i 1906 og 1912-13. Fyrste gongen han kom hit var han ein ukjend misjonær, og underleg kledd som han var, var dei kristne som han oppsøkte nokså reserverte. Men med sin klåre song og sitt levande vitnesbyrd vann han snart mange vener her i landet.

Tilbake til Filippinene

Tilbake i Filippinene held Filippiner-Lund fram med evangeliseringsarbeidet, og kyrkjelydar vart ordna også på Suluøyane. Lund og kona starta også mange skular for dei innfødde.

Lund døyr

Det siste Lund gjorde var å føra ein døyande morohøvding til Jesus. Høvdingen hadde sendt bod etter Lund, som då låg sjuk av tyfus. Likevel drog han febersjuk avstad dei 90 engelske mil, og måtte til og med vassa over ei elv. Då han hadde hjelpt høvdingen, døydde han, medan ein omvendt kinesar heldt den eine handa hans, og ein omvendt moroer den andre. Det var 18.september 1925.

Gravlagd i Zamboanga

Lund vart gravlagd 3 km frå Zamboanga, og det vart den største gravferda byen nokosinne hadde sett. Mannen som starta sitt livslaup i Sogn, fekk no si grav under ekvators brennande sol, blant det folket han elska og tente.

Fru Lund held fram i arbeidet endå i mange år, trufast mot kallet. Idag er det ein amerikansk misjon som fører dette arbeidet vidare. Endå lever det mange der nede som i takksemd minnest den norske misjonæren, fattigguten som gjorde dei rike, fordi han brakte dei bodskapen om det evige livet.

Kjelde : Boka "Filippiner-Lund" av Johs.Solem, Lunde forlag, Bergen 1944.

Ved : Kåre Hindenes

3. Florence Nightingale (1820-1910)

SYKEPLEIENS MOR


Hun kom fra en rik familie, men hennes liv ble viet de syke og fattige. Slik ble det fordi hun fulgte Guds kall i sitt hjerte. Få kvinner i verden har blitt så berømt som Florence Nightingale, kvinnen som ble den moderne sykepleies mor.

 Skal du bli sykepleier? Du som er fra en sånn fin familie! Nei, foreldrene kunne virkelig ikke forstå at deres jente ville noe slikt. De ville ikke at hun skulle arbeide. Det eneste rike jenter behøvde å gjøre var å gifte seg!

Men Florence var virkelig en uvanlig jente. Fra hun var barn hadde hun vært opptatt av å lindre smerte og sykdom hos de hun hadde rundt seg. Da hun var 17 år gammel talte Gud til henne og kalte henne til et spesielt oppdrag. Hun skulle hjelpe de syke og fattige! Jeg kan ikke gå hjemme og spise søte kaker når andre sulter i hel, tenkte hun.

Så brøt Krim-krigen ut, og Florence var en av sykepleierne som dro til krigsområdene ved Svartehavet for å hjelpe de sårede og syke soldater. Hennes innsats var enestående. Før Florence kom døde 60% av soldatene på feltsykehusene. Etter at hun og de andre sykepleierne hadde gjort sin innsats, døde bare 2% av de innlagte soldatene.

Om dagen arbeidet Florence på sykesalene, og om natten skrev hun. I brev og bøker skriver hun om sykepleierfaget. Mange ting som i dag er en selvfølge, er et resultat av det denne kvinnen utrettet. Etter krigen kom hun hjem til England som en heltinne, og for mange unge er hun enda i dag deres største forbilde!

Florence startet også en sykepleierskole, og denne ble snart et forbilde for slike skoler over hele Europa. Hun fikk utmerkelser som ingen andre kvinner før hadde fått! Tenk, hvor mye Gud kan gjøre gjennom et menneske som er lydig mot Hans kall!

(Fra boken "Ut til alle" (Bjørlykke) og bladet "Rikere Liv".)

4. Marie Monsen (1878-1962)

FANGET AV RØVERE I KINA


Marie Monsen fra Bergen kom til Kina i 1901, og ble en av Norges største misjonærer. Som svar på bønn fikk hun oppleve store vekkelser, men også Guds hjelp i hverdagen.

 19. april 1929 la et skip ut fra byen Tientsin i Kina. Blant alle de kinesiske passasjerene var det også en norsk kvinne, misjonær Marie Monsen. Egentlig var skipet fullt, men styrmannen lot Marie få hans lugar. Reisen til Shantung skulle bare ta 15 timer.

Da reisen nærmet seg slutten hørtes plutselig pistolskudd, hyl og skrik og mye bråk over hele skipet. Noen røvere hadde gjemt seg blant passasjerene, og nå hadde de kapret skipet. Snart kom flere røvere om bord, så de var en bande på 60 i alt. Marie forstod hva som hadde skjedd, men et ord fra Gud kom til henne : Frykt ikke, Marie, for jeg er med deg. Se deg ikke engstelig om, Marie, for jeg er din Gud; jeg styrker deg og hjelper deg, Marie, jeg holder deg oppe med min rettferds høyre hånd. (Jes. 41,10)

Nå fikk Marie virkelig oppleve hvordan Gud beskyttet henne i alle situasjoner. Gang på gang hadde hun en pistol rettet mot seg, men Marie siterte Guds ord for røverne : Ingen av de våpen som blir smidd mot meg, skal ha framgang. (Jes. 54,17)

Marie nektet å spise den stjålne maten røverne bød henne. Før reisen hadde Gud talt til henne om å ta med seg epler. Disse, og noe kjeks og sjokolade, ble hennes mat i 9 dager. Så tok maten slutt. Skipets styrmann, som Marie ikke hadde sett siden skipet ble kapret, dukket plutselig opp med noen søtsaker og kokte egg den tiende dagen! Dette klarte han å smugle inn til henne, noe han fortsatte med, slik at Marie hele tiden hadde noe å spise.

Det gikk 23 dager før myndighetene fant skipet, og røverne måtte rømme. Hele tiden opplevde Marie Guds beskyttelse og mirakler, og hun fikk forkynne evangeliet for røverne. Hvis du vil lese hele historien, finner du den i slutten av boken "En hjelp i trengsel", skrevet av Marie Monsen.

(Fra boken "En hjelp i trengsel" av Marie Monsen)


5. Gladys Aylward (1902-1970)

EN HELT SPESIELL KVINNE


Hun var ikke noe skolelys, og manglet utdannelse. Men to ting hadde Gladys: Kjærlighet til mennesker og tro på Gud! Det skulle gjøre henne verdensberømt til sist. Så berømt at filmstjernen Ingrid Bergmann filmet hennes liv!

 Til Kina, frøken? Det blir 1800 kroner en vei! Finnes det ikke en billigere billett? spurte Gladys. Hun stod med alt hun hadde, 60 kroner, i neven. Jo, hvis hun tok jernbanen gjennom Tyskland, Russland og Sibir, kostet det 950 kroner. Men mellom Russland og Kina var det krig, så den veien var stengt.

Nå arbeidet den fattige hushjelpen som en maur for å tjene de kronene hun trengte. Hun unte seg ingenting, for alt hun tjente skulle gå til billetten til Kina! Så dro hun av sted, uten å kunne et ord kinesisk. Hun skulle reise rundt halve jorden. Og det skulle gå 17 år før foreldrene fikk se henne igjen.

På toget måtte hun sove i kupé sammen med russiske soldater, som ikke forstod et ord engelsk. Hun var eneste reisende som var kvinne. Langt inne i Sibir måtte toget stanse på grunn av krigen. Nå stod Gladys der i den dype snøen uten å vite hvordan hun skulle komme videre.

Gud gav Gladys en idé: Hvis hun laget bråk, måtte politiet arrestere henne. Slik ble det, og hun fikk tak over hodet, i et rom så skittent og fælt at hun holdt på å besvime. Vel, etter mange krumspring og underlige opplevelser, kom hun endelig fram til Kina! Så fikk hun tjene Gud og kineserne, slik hun hadde drømt om.

Særlig ble Gladys kjent for sin innsats under Japan-Kina-krigen, da hun loste 100 små og større barn over fjell og dal i ukevis, for å berge deres liv. Det var et blodslit. De måtte sove under åpen himmel, og tigge mat for å overleve!! Senere i sin tjeneste bygget Gladys opp et barnehjem for kinesiske flyktninger i Taiwan.

(Kilde : Boken UT TIL ALLE av Liv Randi Bjørlykke)

Nordhordland Bibelsenter Alvermarka 39, 5911 Alversund
___________________________

Tlf: 902 20 938
E-post: post@bibelsenter.no
___________________________

Konto nr.:
6529 05 14767
Konto nr. misjon: 6529 05 14791