Frå minneboka

Gløym ikkje alle Hans velgjerningar! Det er grunn god nok til å skriva litt om det som vi har vore med på i tidlegare år. Ein annan grunn er at det idag er mange i menigheten som ikkje var med den gongen, og som gjerne ynskjer å vita litt om vår historie.

Frå Tsjekkia til Nordhordland

Når eg les på nettet at Bibelen kan verta ein bestselgjar i Tsjekkia, får eg hug til å trekkje fram nokre gode minne frå åra 1990-91. I 1990 var vi ei gruppe frå menigheten som reiste på biltur i Europa, og i Praha i Tsjekkia, eller Tsjekkoslovakia som det heitte då, møtte vi den unge pastoren Alexander (Sasa) Flek. Året etter kom han her til Nordhordland.

ScannedImage.jpgDet var Svanhild Veland (no : Jakobsen) som var reiseleiaren vår. Ho var med i menigheten, og hadde reist ein god del på misjonsoppdrag i Aust-Europa. I Tsjekkia hadde ho til og med møtt Vaclac Havel, som kort tid etterpå vart landet sin nye president.

Møtet med Sasa Flek og kyrkjelyden "Levande Vatn" i Praha gjorde eit sterkt inntrykk på oss alle. Dette var i 1990, og Sasa hadde vorte radikalt frelst i 1987. Då var han 18 år gamal, men sa sjølv at han såg ut som ein mann på over 30, og at han kjende seg som ein gamal mann. Så møtte han Jesus, og livet vart totalt omsnudd. Og no var han altså pastor for ein ung og veksande kyrkjelyd i den tsjekkiske hovudstaden.

Året etter, i 1991, var Sasa Flek to gongar her i Nordhordland. Vi hadde sterke møte der Sasa forkynte Guds ord. Mange av oss ser tilbake på denne tida med glede og takksemd til Gud. Allereie den gongen snakka Sasa ihuga om at Tsjekkia hadde trong for ei ny Bibelomsetjing. Og snart kjende Sasa eit kall frå Gud til sjølv å gå igang med den store oppgåva!

Sasa Flek er ein målmedviten mann. Han har leia arbeidet med den nye tsjekkiske Bibelomsetjinga. Dei siste åra har han hatt fleire medarbeidarar. Etter 15 års innsats er arbeidet med å omsetja Bibelen no sluttført. Og allereie er 70.000 biblar selde! Dette vil få mykje å seia for Tsjekkia, som er eit av dei mest sekulariserte land i Europa. Faktisk seier 79% av folket at dei aldri har lest Bibelen! Med ei Bibelomsetjing på moderne tsjekkisk vil folket endeleg få ein sjanse til å verta kjend med Guds ord og sine eigne kristne røter. Det er grunn til å takke Gud for dette store gjennombrotet for Guds sak i Europa!

Biletet : Alexander (Sasa) Flek vert tolka av Svanhild Veland på møte i 1991.

01/01/10/Kåre Hindenes

Den fyrste vigslinga

Bryllup.jpgIdag vil eg skriva om eit 20-årsminne. Menigheten fekk vigslingsrett sommaren 1989, og 8.juli hadde vi den fyrste vigslinga. Det var Anny Westervik og Øystein Wiig som gifta seg.

I tre år hadde menigheten vore uregistrert, men no hadde vi søkt både om offentleg registrering og vigslingsrett. Det var spanande dagar, for allereie 8.juli skulle det vera bryllaup. Ikkje så mange dagar før bryllaupet kom endeleg svaret på søknaden vår, og det var positivt. Vi var letta, for no kunne bryllaupet haldast etter planen.

På denne tida leigde vi lokale i kjellaren i det som då vart kalla DNC-bygget i Knarvik. Det var ikkje akkurat det finaste rommet, men vi hadde fått fine, gode klappstolar, og ny talarstol, så det hadde vorte eit tenleg lokale. Anny og Øystein hadde vore på team saman med Ronald Gundersen i hans teltmisjon "Møtet med Jesus", og Ronald og teamet hans kom og var med i bryllaupet, saman med brudeparet sin familie og mange andre vener.

Som tekst for dagen hadde eg valt eit kjent vers frå Salomos ordtøke (10,22) : "Det er Herrens velsigning som gjer rik, og eige strev legg inkje til". Eg sa litt om kva som er dei verkelege verdiar i livet, og at Gud er kjelda til denne rikdomen. Det er gjennom Hans velsigning at vi får del i desse skattane. I bryllaupet i Kana gjorde Jesus vatn til vin, og det var den beste vinen. Om vi kjem med våre tomme kar til Jesus, vil Han fylla dei med si gleda!

20 år har gått, men Gud har vore trufast. Øystein og Anny har vorte velsigna med tre herlege barn. Vi ynskjer til lukke med jubileet!

Biletet : Øystein og Anny giftar seg.

06/07/09/Kåre Hindenes

Naudhjelp til Albania

Dei fyrste oktoberdagane i 1993 var dei travlaste dagane eg har opplevd i menighetssamanheng. Likevel kjende eg ei stor gleda i arbeidet, fordi eg opplevde at vi var i Guds plan med det vi gjorde.

Dugnad.jpgDet skjedde mykje på ein gong i slutten av september og byrjinga av oktober 1993. Enkelte dagar vart det jobba langt inn i dei seine nattetimar. Vi hadde kjøpt ein sterkt kollisjonsskada buss, og fleire jobba no dugnad for å få bussen klar og godkjent for ein planlagt tur til Albania. Samtidig var vi i innspurten på ein innsamlingsaksjon der vi tok imot klær og anna som vi skulle ha med oss til byen Korce, som eg hadde vitja året før. Mykje skulle pakkast og gjerast klart for turen.

Midt oppe i alt dette, hadde vi ein stor haustkonferanse i Alvermarka, som pågjekk heile helga. Og vi heldt på med dei siste førebuingane til oppstart av ny barnehage, som skulle skje 4.oktober. Som om ikkje dette var nok, hadde vi samtidig dugnad på det nye bygget, der mykje måtte gjerast før taket skulle leggjast same veka!

Det var mange ting som måtte på plass før vi kunne reise 6.oktober. Bussen vart godkjent på Biltilsynet på Voss på overtid, etter at vi fyrst hadde fått stor hjelp hjå Bergen-Hardanger-Voss billag. Vår mann hadde aldri klart det åleine, og då vi kom til Biltilsynet var det kun få minuttar att til stengetid.

Vi skulle reise på onsdag, men mandag mangla vi framleis registreringsskilt på bussen. På postkontoret sa dei at dei mangla ein postsekk! Men på tysdag kom skiltet. Det var dagen før avreise, og vi var i Bergen for å ordne med tollpapirer. Då fekk vi vite at vi måtte ha køyreløyve frå Vegdirektoratet i Oslo for å kunne køyre gjennom fleire land i Europa. Men vi skulle jo dra allereie neste dag! Vi kontakta ein mann i Oslo, som ordna papirer og sende dei med nattoget til Bergen.

Ja, det var mykje spaning og dramatikk, det er sikkert. Ein av dei som skulle køyra bussen på turen fekk bussertifikatet sitt berre 5 dagar før vi drog. Vi var også spent på om vi hadde lasta for mykje på bussen. Den tillatte totalvekta var 13 tonn. Då vi køyrde bussen på vekta viste det seg at vi hadde 10 kg å gå på!

Så gjekk turen gjennom Danmark, Tyskland, Austerrike og Italia, og derifrå med ferje til Hellas. Vi hadde tenkt å køyra inn i Albania nær byen Korce, som var målet for reisa. I kartboka stod det at denne grenseovergangen var stengt for utlendingar. Dessutan såg vegen ut til å vera både smal og dårleg. Sidan viste det seg at dei hadde laga ein heilt ny veg her, og at grensa hadde vorte opna for utlendingar berre to månader tidlegare!

Til Albania.jpgTuren gjennom Hellas tok oss ein heil dag på smale og svingete vegar, og vi måtte overnatte ikkje så langt frå grensa til Albania. I fleire veker hadde vi forgjeves prøvd å få kontakt med våre vener i Albania, men sidan vi hadde sett korleis alt ordna seg "i siste liten", hadde vi god von også i dette. Så fyrst no, kvelden før vi var framme, fekk vi kontakt med Korce, slik at nokon kunne møta oss ved grensa. Kanskje det var bra at det vart slik, for elles hadde dei som skulle ta imot oss stått og venta på oss ein dag for tidleg.

Tysdag 12.oktober, 7 dagar etter at vi reiste heimefrå, var vi framme ved grensa til Albania. Snart kunne vi køyre jublande mot byen Korce, som ligg på eit fjellplatå 800 meter over havet, og der det bur omlag 60.000 menneske. Sjølv om det vanlegvis er kjøleg og regnfullt her på denne tida, var det no både sol og sommarvarme. For oss vart dette endå eit bønesvar, og dei hadde vi sett mange av før og under denne turen!

No fekk vi dela ut pakkene med mat og klær, og vi var saman med våre vener i Korce i tre dagar, før turen gjekk vidare til hovudstaden Tirana. Frå Durres tok vi så ferje tilbake til Italia, ei sjøreise på 26 timar. Onsdag 20.oktober var vi heime i Noreg att, etter å ha køyrd 5500 kilometer med buss gjennom sju land. Det hadde vore ei eventyrleg reise, og vi som fekk oppleva dette vil aldri gløyme det. Menneskeleg sett hadde det sett umogeleg ut mange gongar, og vi måtte berre stole på Gud! Og Han svikta oss ikkje. Vi hadde kryssa mange landegrenser, men gjennom det vi fekk oppleve sprengde vi også "grenseportar" i vårt eige sinn.

Også i 1994 reiste eit team til Albania med eigen buss, då i april månad. Og i april 1995 lasta vi ein heil trailer, med 90 m3 lastekapasitet, og som mellom anna hadde med seg 40 sjukehussenger, dei fleste hydrauliske. Også denne gongen hadde vi eit stort team som reiste til Albania. I tillegg budde David Engebretsen i landet eit par månader hausten same året, og fekk oppleva store ting. Vi er mange som har gode minne frå naudhjelpsarbeidet, ikkje minst alt det vi fekk oppleva saman med våre kjære, nyfrelste, albanske venner.

Bileta : Johan Westervik og Øyvind Berge jobbar dugnad på bussen; Else Hodneland ved bussen på veg til Albania.

11/05/09/Kåre Hindenes

Stor dåp i Alvermarka

Gjennom åra har vi hatt mange dåpsmøte i menigheten, og vi minnes desse møta som store og spesielle hendingar i vår korte historie. Eitt av desse møta fann stad i vårt møtelokale i Alvermarka 20. september 1992. Denne dagen vart 8 menneske døypte i vatn.

Ungdomsleir 1992.jpg3.-5.april 1992 hadde vi menighetshelg i Dyrkolbotn, og for fyrste gong i vår historie hadde vi mange tenåringar med oss, 10 ialt. Vi merka at noko var i ferd med å skje mellom dei unge, og vi kjende at tida var inne for å ha ein eigen ungdomsleir for desse.

Sommeren 1992 arrangerte vi så den fyrste ungdomsleiren, der 21 ungdomar var med, på leirstaden Fagertun i Eksingedalen. Tema for leiren var "Livet i nytt perspektiv", og slik vart det også for mange av ungdomane. Etter eit sterkt møte med Jesus reiste tenåringane fornya heim att.

Etter denne leiren fekk vi oppleva ei rik tid i menigheten, og særleg i det veksande ungdomsmiljøet. Fleire av ungdomane melde seg no til dåp, og mange ville melda seg inn i menigheten. Det vart eit minnerikt møte i Alvermarka 20.september 1992. Heile 8 menneske vart døypte på møtet denne dagen, og menigheten tok samtidig imot 16 nye medlemar!

I åra 1986-1995 døypte vi ialt 75 menneske i menigheten. Året 1992 hadde vi flest dåpshandlingar. Heile 20 personar vart døypte i vatn det året.

Biletet : Frå ungdomsleiren i Eksingedalen sommaren 1992

23/02/09/Kåre Hindenes

Barneleirane

Nokre av dei beste minna frå fyrste halvdel av 1990-talet, er barneleirane som vi hadde i juni/juli, like etter skuleslutt. Kvart år hadde vi strålande sommarvær på leirane, og vi fekk sjå at Gud gjorde store ting mellom barna.

Barneleir i Fusa 1995.jpgDen aller fyrste barneleiren hadde vi i Eksingedalen 4.-7.juli 1991, og 21 barn i alderen 8-12 år var med. Barna storkosa seg i varmt sommarvær. Vi bada i elva, gjekk tur i fjellet, fiska, spidda pølser og slappa av i vakre omgjevnader på leirstaden Fagertun ved Lavik. Guds Ande verka mektig mellom barna, det vart gråt, men også glede og sterk lovsang. For oss som arrangerte leiren vart dette ei stadfesting på av vi var midt i Guds plan med dette arbeidet.

I 1991 hadde vi endå ein barneleir, på Nappane i september månad, og i samarbeid med fleire kyrkjelydar. På denne leiren deltok 45 barn, og David Abbott frå England tala Guds ord. Det var eit mektig nærvær av Gud i møta, og mange barn vart fylte av Den Heilage Ande.

Også i 1992 hadde vi barneleir i Eksingedalen, men året etter flytta vi leiren til Sunnhordland. I samarbeid med vener på Halsnøy hadde vi leiren på Sunnhordland Folkehøgskule. Vi reiste mellom anna på tur med ei fiskeskøyte, og vitja også Halsnøy Kloster desse dagane.

I 1994 og 1995 hadde vi barneleirane i Fusa, på pinsevenene sin leirstad på Skjørsand. I 1995 var også vener frå Haugesund med, og dette var den største av leirane, med 50 barn. Også på denne leiren var David Abbott hovudtalar, og vi opplevde eit sterkt åndeleg gjennombrot. David Abbott uttalta etter leiren at han aldri tidlegare hadde sett slike resultat i Noreg. Når eg ser på nokre av bileta frå denne leiren, vert eg fylt av lengt etter at vi igjen må få oppleve eit slikt gjennombrot mellom barna som det vi såg den gongen.

Blant talarane og leiarane på leirane i Fusa var også Bjørn Olav Hammerstad, som gjorde ein flott innsats i barnearbeidet i menigheten desse åra!

Biletet : Frå barneleiren i Fusa i 1995.

14/02/09/Kåre Hindenes

I DNC-bygget

Midt i oktober 1988 flytta menigheten inn i DNC-bygget i Knarvik, det same bygget som lensmannskontoret er i no. Men vi hadde våre lokaler i kjellaren, så vi var bokstaveleg tala ein "undergrunnskyrkjelyd".

Dnc-bygget.jpgDet minnet eg no skal trekkje fram er frå tida då vi heldt til i DNC-bygget. Vi hadde desse lokala fram til mars 1990, då vi fekk nytt møtelokale i Ulvundbygget. Eg trur at det eg her fortel hende ein gong i 1989, så det er alt 20 år sidan.

Dette var på mange måtar ei brytningstid i menigheten, og sikkert også i mange andre kyrkjelydar i landet vårt. Gamle møteformer vart bytt ut med nye. Ikkje minst skjedde det ei fornying innanfor lovsong og tilbeding. Det kom mange nye songar, og lovsongen var sterk og frisk. Vi hoppa, dansa og prisa Gud med opplyfte hender, og for mange var dette nytt og uvant. Vi kom frå ein traust bedehusbakgrunn, og var fortuleg med dei gamle vekkingssongane, der alvoret hadde stor plass. No var møta prega av jubel, dans og glede.

Eg var sjølv ein av dei som kjempa med dette. Det var ein indre strid. Kunne dette vera rett? Så var det ein gong eg var i bøn til Gud der i kjellaren i DNC-bygget, og det var nettopp desse tinga eg ropa til Gud om. Då skjedde det noko, og eg trur det var Gud som gav meg bønesvar. Dette er dei orda som kom til meg : "Det er ikkje lovsongen du skal vera redd for, men synda". Og desse orda "løyste" meg verkeleg. Eg forstod med eitt at sterk lovsang og dans ikkje var noko å frykta!

I ettertid kan vi kanskje synast at dette høyrest merkeleg ut, men for mange av oss var det verkeleg radikale endringar vi gjekk gjennom i denne tida. Eg påstår heller ikkje at alt vi gjorde var rett, for eg trur at vi forstår "stykkevis", og at vi i mange ting sikkert gjorde feil. Men eg tvilar aldri på at Gud i denne tida gjorde noko med våre liv, og at noko nytt braut fram. Medan vi før helst hadde sunge om Gud, vart det no sang til Gud. Og i desse songane kunne vi uttrykke vår takk og vår kjærleik til Jesus, vår Frelsar, på ein sterk og ny måte. Fordi han elska oss fyrst!!

Korleis er det idag? Er lovsongen frå våre hjarte framleis like sterk og frisk? Det var då Paulus og Silas song lovsongar til Gud at lekkjene losna av fangane! (Ap.gj.16,25-26)

Biletet : Huset som i 1988 vart kalla DNC-bygget, Knarvik

02/02/09/Kåre Hindenes

Slå teltpluggane fast

I 1986 arrangerte "Lindås for Jesus" teltmøteaksjon på tømmerkaien på Eidsnes. Det var under denne aksjonen at Nytt Liv Misjonssenter vart skipa, det som idag er Nordhordland Bibelsenter. Her vil eg fortelja om ei hending som inntraff under desse teltmøta.

Teltmøtene i 86.jpgMidt under teltaksjonen vart det nemleg storm, og den voldsomme vinden truga med å riva bort heile møteteltet. Johan Westervik og eg måtte gå rundt teltet under møtet, og etterkvart som stormen reiv opp teltpluggane måtte me slå dei på plass att.

Det var Nils Gustav Johnsen som tala Guds ord i teltet den kvelden, men eg trur ikkje det var mykje eg fekk med meg av forkynninga. Men teltet vart ståande! Denne hendinga får meg til å tenkja på eit ord frå Bibelen :

Gjer større rom for teltet ditt, spenn ut dine teltdukar, spar ikkje på dei, gjer snorene lange, slå pluggane fast. (Jes.54,2)

Og det er sant : Også i våre liv, og i menigheten, er det tider då me skal utvide plassen for vårt telt, og slå teltpluggane fast! Så ikkje ein storm får øydeleggja. Kanskje det er tid for det no? For deg? For meg?

Biletet : Frå teltmøta i 1986, då me fekk låna Øystein Rong sitt møtetelt.

26/01/09/Kåre Hindenes

Nordhordland Bibelsenter Alvermarka 39, 5911 Alversund
___________________________

Tlf: 902 20 938
E-post: post@bibelsenter.no
___________________________

Konto nr.:
6529 05 14767
Konto nr. misjon: 6529 05 14791