Norsk vekkelseshistorie

På denne sida vil vi i nokre kortfatta artiklar fokusere på vekkingar som har påverka norsk kristenliv, særleg dei vekkingar som har fått innflyting i store delar av landet, og gjerne på lang sikt. Misjonsarbeidet, som også er ein stor og viktig del av norsk kristenliv, vert ikkje omhandla i denne artikkelserien.

NORSK VEKKINGSSOGE

ved Kåre Hindenes

Del 1 : Noreg vert kristna

Då Olav Tryggvason kom til Moster våren 995, og byrja kristningsverket her på Vestlandet, kom han ikkje til eit folk som var utan kjennskap til den kristne trua. På sine vikingtokter og handelsreiser i Europa hadde vestlendingane alt i mange tiår møtt den kristne kulturen. Dessutan hadde ein annan norsk konge, Håkon den gode, gjort eit forsøk på å kristna nordmennene midt på 900-talet. På Møre og i Trøndelag vart motstanden for sterk, og han måtte gjeva opp desse planane.

Eivindvik.jpgOlav Tryggvason i Nordhordland

Olav Tryggvason kom også til Nordhordland, der han forkynte kristendommen på Gulatinget. Truleg vart den fyrste dåpen i vårt område halden då. Men alt i år 1000 tok Olav Tryggvason si kongetid slutt. 15 år seinare fekk vi så den kongen som skulle føra kristningsverket vidare, Olav Haraldsson, kjent som Olav den heilage.

Kristenretten fastsett

Særleg er året 1024 viktig, for då fastsette Olav den heilage kristenretten her i landet. Det skjedde nettopp på Moster (Bømlo), 29 år etter at Olav Tryggvason gjekk i land her. Gjennom kristenretten vart folket sine sedar og skikkar "kristna".

Vikingkongane

Mosterkyrkja.jpgDei kongane som kristna Noreg var vikingar, og dei gjorde det på vikingane si vis. Framgangsmåten kunne vera uhyggeleg, med vald og makt. Ein kan likevel ikkje seia at Noreg kun vart kristna ved tvang. Biletet er nok mykje meir nyansert enn som så.

Idag er det ein tendens til å romantisera vikingtida, og til og med dei gamle gudane frå Åsatrua vert trekt fram att. Vi burde heller vera glade og takksame for at den brutale vikingånda måtte vika plassen for ein meir kristen livsstil, noko som fyrst for alvor skjedde på 1200-talet.

Den mørke mellomalderen

Olav den heilage vart drepen i slaget på Stiklestad i 1030. Fleire mirakel som det vart fortalt om ved grava hans, gjorde at kong Olav vart ein katolsk helgen. Dyrkinga av St. Olav vart eit hovudtrekk ved nordmennene sin kristendom i 500 år. (Olavsdyrkinga vart vedtatt i 1036) Andre helgenar som vart dyrka var St. Sunniva og St. Halvard.

Dei 500 åra mellom 1030 og 1530 var stort sett utan Bibelsk vekking og menighetsliv. Det var eit par tusen katolske prestar her i landet, men mange av dei levde eit dårleg liv. Munkerørsla frå cirka 1100-talet førte til eit meir fromt liv innanfor kyrkja i ein periode.

Enkelte lyspunkt

I den perioden vi har skildra fanst det også misjonærar som verka til vekking, mest i Sverige, men også med stor påverknad i Noreg. Adalvard den eldre drog store skarar til den kristne trua ved sitt heilage liv og lære. Han bad om regn, og det kom, og han gjorde mirakler i Jesu namn.

Steinkross1.jpgSteinkrossane

Dei mange steinkrossane som endå finst her i landet, i hovudsak på Vestlandet, vitnar om den aller fyrste kristne tida. To av desse står i Eivindvik i Gulen, som høyrde til det gamle Nordhordland. I Nordhordland fanst det også kongsgardar, blant anna på Seim, der Håkon den gode vart gravlagt i 961. Som nemt var han den fyrste kongen som prøvde å kristna Noreg.

Keltisk og katolsk kristendom

På Vestlandet fekk folk påverknad frå keltisk kristendom, som var litt ulik den romersk-katolske. Øya Iona på den skotske vestkysten var eit kraftsentrum for dette misjonsarbeidet. Keltarane la vekt på den personlege og mysteriøse opplevinga av Kristus, medan den katolske kyrkja la vekt på Kristi offer.

På Austlandet vart Guds ord forkynt av misjonærar frå Tyskland og Danmark. Ansgar (801-865), som har vorte kalla Nordens apostel, kom så langt som til Sverige, men aldri til Noreg. Om Ansgar vart det sagt at han var frykta av hardhjarta stormenn, men at han var den vanlege manns ven og dei fattige sin far. Etter Ansgar kom det fleire, og nokre av desse nådde også til vårt land, truleg på slutten av 900-talet.

I Nordhordland, som elles i landet, kjende folket lite til evangeliet om Guds nåde. Mitt inntrykk er at folket mange stader fekk forkynt ein lovisk kristendom, som la tunge bører på dei. Men Kristus kom jo for å lyfta børene av oss. Noreg hadde vorte eit kristent land i namnet, og dåp var det påbod om! Likevel var det truleg få som hadde lært Kristus personleg å kjenna. Men det skulle koma andre tider i landet vårt, der lyset frå evangeliet skulle skina i heidenskapens mørke.

Bileta : Øverst : Vikingskip på veg ut fjorden frå Eivindvik, som var sete for det gamle Gulatinget. I midten : Steinkyrkje på Moster. Nederst : Den irske steinkrossen ved kyrkjegardsporten i Eivindvik. (I ein bakke som heiter Krossteigen står også ein engelsk (anglisk) kross. Om denne krossen heiter det i ei gamal vise frå Eksingedalen : "No e da inkje æsene, men Kvite-Krist som rår på Gulatinngje. Fy honom lysa dei tingfred unde dan heilage krossen".)

18/05/09/Kåre

Del 2 : Dei fyrste vekkingar

Den fyrste som vi sikkert veit forkynte Martin Luther si lære her i landet var Antonius, ein munk i Bergen. Læra var utbreidd alt i siste halvdel av 1520-talet. Likevel var det ikkje ei vekking som reformerte den katolske kyrkja i Noreg, men ei diktatorisk avgjerd. I 1537 avgjorde nemleg kong Kristian III at Danmark og Noreg skulle vera lutherske nasjonar. Dette vart slutten på 500 år med katolisisme.

Den ytre rama vart ny

Det var altså ikkje ei folkevekking som gjorde det norske folket til lutheranarar, og vi kan vanskeleg snakke om ein reformasjon i ordet si rette tyding. Eigentleg var det berre den ytre rama som vart ny, og størstedelen av folket var berre kristne i namnet, slik dei også hadde vore tidlegare.

Mellom prestane og biskopane var det på denne tida berre nokre få som talte til vekking. Ein av desse var biskopen i Stavanger, Jørgen Eriksønn. Han stod i ei rik teneste i denne byen på slutten av 1500-talet.

Gjendøyparar

Frå 1560-åra finn vi også dei fyrste spora etter kristne som ikkje kunne godta alt det kyrkja lærte og stod for. Desse vart kalla gjendøyparar. Dei vart forfylgde for si tru, og hadde kome hit til landet frå Tyskland og Nederland.

Få hadde Bibelen

I heile den katolske perioden var det få som hadde lest i Bibelen. Berre 96 Biblar skal vera sende hit til landet frå Danmark fram til 1536. Fyrst i 1670 kom det i handelen ein Bibel som dei mest lesekunnige kunne kjøpa til ein ikkje alt for dyr pris.

Vekkingsrøyster

På 1600-talet var det for det meste død rettru som rådde grunnen mellom folket. Men også i denne mørke tida fanst det nokre vekkingsrøyster. Blant desse var Nils Svensen Chronic i Oslo og Anders Kæmpe i Trondheimstraktene. Chronic måtte flykta frå landet, og Kæmpe vart utvist i 1674. Jens Trellund verka i Bergen omkring 1680, og gjennom han vart mange sjuke lækte ved bøn og handpålegging.

490px-Erik_Pontoppidan_den_Yngre.jpgPersonleg vekking

I Tyskland oppstod pietismen, ved presten Philip Jacob Spener (1635-1705). Dette var ei åndsretning som la vekt på personleg vekking og Gudsliv. Den fyrste pietist som forkynte offentleg her i landet, var Johan Otto Glüsing. Han forkasta barnedåpen og nattverden som sakrament, og statskyrkja, fordi det var ei verdsleg ordning. Glüsing måtte reisa frå landet.

Presten Thomas von Westen vart vakt til eit brennande liv i Gud. Saman med seks andre sende han i 1714 eit brev til kongen, der dei fortel om kyrkja si elendige stilling her i landet. Dei skriv mellom anna at "Sions veier ligger ganske øde" og at "Herrens profeter må med gråt hvert øyeblikk frykte for ild over dette Sodoma". Thomas von Westen vart misjonær mellom samane.

Hans Egede var ein annan brennande kristen på denne tida. På 1720- og 30-talet var han misjonær på Grønland. Den kjende pietisten Erik Pontoppidan (1698-1764) verka i Bergen. Han er mest kjend for boka "Sandhed til Gudfrygtighet", med 759 spørsmål og svar til bruk i konfirmantudervisninga. Ingulf Diesen seier i boka si om "Norsk vekkelseshistorie gjennom 1000 år" at "pietismen brakte to ting i sentrum : "For det første et gjenfødt kristenliv. For det andre at dette kristenlivet skal leves rent for synd og verdslighet."

Kvekarane

Kvekarrørsla oppstod i England gjennom Georg Fox. Desse la vekt på Andens gjerning, samtidig som dei kjempa mot former og tradisjonar. Omkring 1700 kom dei fyrste kvekarane hit til landet. Christoffer Meidel verka i Skiensområdet, men vart arrestert og utvist i 1703.

Brødrevenene

Den sterkaste vekkingsrørsla her i landet før Hauge-vekkinga, var likevel den rørsla som Grev Zinsendorf var åndeleg leiar for, dei såkalla herrnhutarane eller brødrevenene. Dei la vekt på brorskjærleken, og kristne med ulik lære hadde samfunn med kvarandre.

Gjennombrotet for brødrevenene kom i 1727, då misjonærar vart sende til mest alle land i Europa, og også til andre nasjonar. I Oslo innreia Catarina Freymann ein sal i huset sitt, og ho hadde til og med offentlege samlingar som ho åleine stod for. Familien hennar høyrde til brødrevenene, og oldefaren hadde lidd martyrdøden i Praha. Gert Hansen forkynte til vekking, men vart pålagt å forlata landet. Brødrevenene var med og tente misjonselden i Noreg.

Motstand

Dei ulike vekkingsrørsler møtte mykje motstand, og som vi alt har sett vart mange brennande kristne utvist eller dei måtte flykte frå landet. I 1741 kom så konventikkelplakaten, som gjorde det forbode for lekmenn å halda møte på eiga hand. Prestane skulle ha overoppsyn med all forkynning og alle møte. Men motstand og forbod kunne ikkje stansa Guds verk mellom folket. I sporet av dei fyrste vekkingsrørslene skulle det snart gro fram nye vekkingar, som kom til å påverke store deler av det norske folket.

Bildet : Erik Pontoppidan; fra Wikipedia : http://no.wikipedia.org/wiki/Fil:Erik_Pontoppidan_den_Yngre.jpg

25/05/09/Kåre

Del 3 : Vekkinga ved Hans Nielsen Hauge

Vendepunktet for kristenlivet i Noreg kom gjennom Haugevekkinga. Det heile starta då bondesonen Hans Nielsen Hauge fekk sitt åndelege gjennombrot 5.april 1796. For fyrste gong fekk vi no ei landsomfattande folkevekking.

Sionittane

Før vi stansar for Haugevekkinga, skal vi ta med nokre fleire glimt frå 1700-talet. Ein danske som heitte Søren Bølle kom til Drammen i 1737. Han melde seg ut av Statskyrkja i 1741, og ordna ei frikyrkje året etter. Dei vart kalla for sionittar.

I 1743 vart 25 personar frå området rundt Drammen døypte i Drammenselva. Det enda med at Bølle vart sendt til tukthuset, og sidan utvist frå landet. Året etter utvandra 48 personar som tilhøyrde denne frikyrkja. Dei drog til Tyskland, og slo seg ned i Altona.

Rasjonalismen

Frå 1780 var det rasjonalismen som rådde grunnen på universitetet i København, der prestane vart utdanna. No fekk vi dei såkalla "potetprestane", som var meir opptatt av å opplysa folket om potetdyrking og anna, enn dei var av å forkynna evangeliet.

Dette var ei tid som var fattig på vekkingar. Men det fanst lyspunkt. Peter Farver verka til vekking i Bergen. Johan Madsen gav ut bøker kring 1794-96, og i Kautokeino oppstod "roparvekkinga" på slutten av 1700-talet. "Roparane" gjekk ut og ropa "ve" over den syndige verda.

Presten Seberg kom til Tune i Østfold og vart ei vekkingsrøyst mellom folket frå 1778 og utover. Han nekta 70 menneske å motta nattverd fordi han fann dei uverdige. I 1795 vart Seberg avsett for embetsforsøming.

Hans Nielsen Hauge

Hans Hauge1.jpgOg nettopp i Tune i Østfold vaks Hans Nielsen Hauge opp, på garden Hauge i Rolvsøy. Alt som gut hadde han stor interesse av å studera Bibelen. Hans var fleire gongar i livsfare, og som tolvåring heldt han på å drukna i Glomma. Det at han gong på gong vart berga frå døden, gjorde at han tenkte Gud hadde ein plan med livet hans.

Etter kvart vart han meir opptatt av praktisk arbeid. Han var snekkar, bonde, smed, birøktar og handelsmann, selde honning og kjøt, og lukkast vel i det han tok seg føre.

Vendepunktet

Ein strålande vårdag i 1796 gjekk hans Nielsen Hauge bak plogen heime på Hauge. Han sang på den kjende salmen "Jesus din søte forening å smake". Med eitt var det som om tid og rom ikkje fanst meir, og verda omkring han var borte. Han opplevde Guds mektige nærvær, og ein overnaturleg fred fylte hugen hans. Brått var det som om livet med sine gleder ikkje var for noko å rekna mot den lukka og gleda han no kjende!

Det var etter denne opplevinga Hauge forstod at Gud kalla han til å forkynna Guds ord og til å formana menneska til å venda om. Han var då 25 år gamal.

Forfattar og predikant

Alt same året drog Hauge til Kristiania for å få trykt den fyrste boka si : "Betraktning over verdens dårlighet". Boka er eit oppgjer både med gudløysa i verda og med prestane i kyrkja. Seinare det året hadde han ei ny bok klar til trykking.

Ved sida av skrivinga samla han folk til oppbyggingsmøte kring i heimane, fyrst i heimbygda, men sidan over store delar av Austlandet. Han verka også mykje gjennom samtalar med dei han møtte.

Snart møtte han kraftig motstand, særleg frå prestane og andre embetsmenn. Tredje juledag 1797 då han heldt oppbygging i Glemmen ved Fredrikstad, kom presten saman med ein løytnant og tre soldatar, og han vart arrestert. Prestane viste særleg til konventikkelplakaten av 1741 når dei prøvde å stansa Hauge si forkynnarverksemd. Dette var ei lov som skulle hindra at andre enn prestane forkynte Guds ord. Etter ein månad i fengsel vart Hauge sett fri.

Til Bergen

Hans Nielsen Hauge reiste no over store delar av Noreg, og verka dessutan ei tid i Danmark. Kvar han kom heldt han oppbygging og vann mange for Guds rike. Ofte gjekk han til fots. Til Bergen kom han fyrste gongen i 1798. Året etter gjekk han nordover gjennom Nordhordland, Sogn, Fjordane, Møre, og heilt til Trondheim. Dette var sommaren 1799. Også hausten 1801 gjekk han landevegen frå Bergen til Trondheim. I 1803 var han i Nord-Noreg.

Motstand

Motstanden var ofte hard, og mange gongar vart han arrestert og fengsla, for så å sleppa fri att. Fleire av Hauge sine vener hadde også byrja å halda oppbyggingsmøte, og sju av desse hamna på tukthuset i 1799. Ein av dei var broren Mikkel Hauge, som vart sitjande på tukthuset fram til 1802.

Handelsverksemd

I Bergen fekk Hauge større fridom til å verka, og særleg frå 1801 dreiv han også med handelsverksemd ved sida av forkynninga. Målet var å verta økonomisk uavhengig, og overskotet skulle gå til det kristne arbeidet. Han handla med fisk og sild, og tok initiativet til ulike verksemder som sagbruk, møller, kopargruve og papirfabrikk. Sjølve drifta stod venene hans for.

Hauge hadde alltid noko å gjera. Når han gjekk langs landevegane, strikka han. Om kveldane dreiv han med bokinnbinding, og han deltok i gardsarbeidet på dei plassane han kom til.

I fengsel

Motstanden mot Hauge auka, og han vart skulda for å vera ein svermar og folkeforførar, som utbreidde fanatisme og falsk kristendom, og som utnytta religionen til pengevinning. Mot slutten av 1804 vart han på nytt arrestert for brot på konventikkelplakaten, og denne gongen vart han sitjande i fengsel.

Fengselsåra vart harde for Hauge. Fyrste året fekk han berre koma ut i frisk luft tre gongar, og han fekk korkje lesa eller skriva. I 1809 var det saltmangel i Noreg, på grunn av den engelske blokaden. No hadde landet vårt bruk for ein dugande mann som Hauge, og han vart midlertidig sett fri for å starte saltkokerier på Sør- og Vestlandet. Etter dette vart soningstilhøva lettare, men endeleg dom i saka fall fyrst i 1814. Då vart han dømd til å betala ei pengebot for brot på konventikkelplakaten.

Vekkinga får ny styrke

Fra visjon til.jpgFrå 1814 fekk Haugevekkinga ny styrke, men sjølv reiste han ikkje meir rundt i landet. Til det var helsa for dårleg etter dei harde fengselsåra. Men han skreiv brev og bøker og tok imot vener som kom til han. Hans Nielsen Hauge døydde i 1824, 52 år gamal.

Haugevekkinga vart ei mektig folkerørsle med stor innflyting i samfunnet. I Hauge sine spor fylgde mange dugande predikantar. Ein av desse var Anders Nilsen Haave (1809-1867) frå Haave i Naustdal (Sunnfjord). Han byrja ei omfattande reiseverksemd frå 1836, etter å ha vorte "vakt" i 24-årsalderen. Med Haave fekk haugianismen ein meir evangelisk tone.

Hans Nielsen Hauge var med og bana vegen for ei ny tid i landet vårt. Snart skulle det verta større fridom til å forkynna Guds ord, noko vi framleis idag kan nyta fruktene og velsigninga av!

Illustrasjonar : Teikning av Hans Nielsen Hauge. Teikning 2 : Hans og sonen, teikna av Gunnar Bratlie, frå Jacob B. Bull si bok om Hauge (Lunde forlag).

08/06/09/Kåre

Del 4 : Dei fyrste frikyrkjelydar

Larslevilaestadius.jpgDet var mykje vekking i Noreg i 1840- og 50-åra. Frå 1856 førte dette også til at mange braut med Statskyrkja og skipa frie kyrkjelydar. Dette var pionértida for frikyrkjene i landet vårt.

Læstadianarane

Gjennom den unge samejenta Maria sitt enkle vitnemål, vart Lars Levi Læstadius (1800-1861), som var prest i svensk Lappland, omvend til Gud i 1844. Han vart reiskap til ei mektig vekkingsrørsle, som også fekk stor innflyting i Nord-Noreg, og særleg mellom samefolket.

Heile bygdesamfunn vart forandra. Sterke kjenslemessige uttrykk var vanlege i denne vekkinga. Folket prisa Gud høglydt, hoppa og dansa i intens lukke, og jubla så ein kunne høyra det lang veg. Mange såg Frelsaren i syner. Dei ekstatiske opplevingane i møta kunne vara i timar, og vart kalla "Liituksia".

Frie kyrkjelydar

lammers.g.a.jpgEin annan prest som fekk mykje å seia for kristenlivet i Noreg, var Gustav Adolph Lammers (1802-1878). Frå 1848 var han sokneprest i Skien. Han bygde det som har vorte kalla landets fyrste verkelege bedehus, i 1850, og starta ei indremisjonsforeining i 1853.

Etter kvart vart Lammers kritisk til Statskyrkja si lære og praksis. Han slutta som prest og melde seg ut av kyrkja i 1856. 4.juli same året skipa han "Den frie apostolisk christlege Menighed i Skien", som frå starten hadde 38 medlemar.

Det var i 1845 at det vart lovleg å skipa frikyrkjer her i landet, og mange nytta seg no av denne retten. Berre i 1850-åra kom talet på frikyrkjer snart opp i omlag 20. Lammers vil for alltid stå som ein av pionerane for frikyrkjer i Noreg, sjølv om han for sin eigen del etter nokre år gjekk attende til Statskyrkja.

Nord-Noreg

I Nord-Noreg var det enkelte stader frie vekkingsmøte alt i 1840-åra. Lekmannen Ole Voss sine møte fekk mykje å seia, særleg i Tromsø. Den danske filosofen Søren Kierkegaard sine skrifter skal også ha gjort eit sterkt inntrykk mellom folket. Kort tid etter at Lammers hadde skipa kyrkjelyden i Skien, vart ein liknande kyrkjelyd skipa i Tromsø, her med 124 medlemar frå starten.

Bonden Johan Bomstad vart reiskap til ei stor vekking i heimbygda Balsfjord. Også her vart det skipa ei frikyrkje, i 1856. Vekkinga spreidde seg til mange andre bygder, og fleire plassar vart det skipa frikyrkjer.

Metodismen

Metodistrørsla byrja i England omkring 1740. Brødrene Wesley var blant Guds reiskapar i denne vekkinga, som også spreidde seg til Amerika.

Gjennom denne rørsla vart den norske sjømannen O.P.Petersen (1822-1901) omvend til Gud i New York i 1846. Då han kom heim til sin fødeby Fredrikstad i 1849, vart svært mange i dette området vunne for Gud. Petersen kom eigentleg heim på ferie, og for å gifta seg, men no fekk han også vera med på ei vekking som varte heile vinteren.

Han drog til sjøs att, men vende i 1853 attende til heimlandet, utsend av Metodistkyrkja i USA. I 1856 vart det skipa metodistkyrkjer i byane Fredrikstad, Sarpsborg og Halden, og utover i 1860-åra fekk metodismen ein sterk vekst. Dei fyrste 20 åra vart det starta 19 kyrkjelydar her i landet.

Metodistane hadde eit sterkt sosialt engasjement, og dei starta det som er den eldste eksisterande søndagsskule i Noreg, i Sarpsborg i 1855. Metodismen i Noreg møtte hard motstand, særleg frå prestar i Statskyrkja, men vekkinga gav herlege resultat ved at mange vart vunne for Gud.

Bileta : Lars Levi Læstadius og Gustav Adolph Lammers.

24/06/2009/Kåre

Del 5 : Indremisjonen veks fram

Det var ei rik vekkingstid i Noreg i siste del av 1800-talet. I denne tida vaks Indremisjonen fram som ei mektig vekkingsrørsle, innanfor Den norske Kyrkja, men likevel i stor grad uavhengig av Statskyrka. Men samtidig var det også frikyrkjelege vekkingar, og ei av desse rørslene praktiserte vaksendåp, noko som var uvanleg i Noreg på den tida.

Baptismen

I Noreg vart det praktisert barnedåp i alle kristne kyrkjer, men med baptistane fekk vi ei kristen vekkingsrørsle som praktiserte dåp av vaksne med full neddykking i vatn. Den fyrste baptistpreikar i Noreg var dansken F.L.Rymker (1819-1884) frå Odense, som kom til Skiensområdet i 1857. Han var sjømann, og hadde vorte frelst i New York i 1845. Den fyrste neddykkingsdåp var i jula 1859, og året etter vart det grunnlagt ei baptistkyrkje i Porsgrunn.

Frå 1862 fekk vi den fyrste norske baptistpreikar, Gotfred Hübert, som hadde vorte frelst og døypt i Boston i USA. Det kom også mange svenske baptisttalarar hit til landet, og ein av dei, Ola B. Hansson, opplevde store vekkingar i Nord-Noreg. Baptistane møtte mykje motgang og forfylgjing, men litt etter litt vaks nye kyrkjelydar fram. Den Norske Baptistunion vart skipa i 1877.

Gisle Johnson.jpgGisle Johnson og Indremisjonsselskapet

Innanfor Statskyrkja kom det i siste halvdel av 1800-talet ei sterk evangelisk vekkingsrørsle. Leiaren var Gisle Johnson (1822-1894), og vekkinga påverka studentane på Universitetet, som Johnson var professor for. No fekk Den norske Kyrkja mange dugande prestar, som samarbeida med vekkingsfolket. 1868 vart Lutherstiftelsen grunnlagt, og Indremisjonsselskapet har seinare rekna dette som sitt skipingsår. Over 30 foreiningar melde seg inn alt fyrste året.

Lutherstiftelsen sende ut kolportørar, eller "B ibelbod", som skulle spreia kristen litteratur. Forkynninga skulle prestane ta seg av, men dei kunne tillata at lekfolk forkynte på stader der det var stor naud og sterkt behov for kristen forkynning. Dette vart kalla for "naudsprinsippet". Etter kvart vart det likevel stadig fleire "Bibelbod" som forkynte Guds ord offentleg.

Indremisjonen på Vestlandet

På Vestlandet vart den fyrste indremisjonsforeininga skipa i Bergen alt i 1863. Frå slutten av 1870-talet og endå meir på 1880-talet braut det ut store vekkingar, og i 1898 vart "Det Vestlandske Indremissionsforbund" skipa. Indremisjonen på Vestlandet vart verande i Den norske Kyrkja, men hadde eit friare tilhøve til prestane og Statskyrkja enn Indremisjonsselskapet.

Gud reiste opp mange dugande og åndsfylte forkynnarar innanfor indremisjonen, og byar og bygder på Vestlandet fekk den rikaste vekkingstid nokosinne. Folket samla seg i tusental for å høyra Guds ord, i friluft og i løer, og etter kvart i eigne bedehus, som vekkingsfolket fekk reist i bygd etter bygd. Av kjende vekkingstalarar på denne tida kan vi nemna Jakob Traasdahl (1838-1903), Paul Gerhard Sand (1848-1911), Tormod Rettedal (1849-1908) og Andreas Lavik (1854-1918). Sistnemde, som kom frå Lavik i Eksingedalen, vart i mange år ein førar for Indremisjonensvenene på Vestlandet. Og Tormod Rettedal var ein mykje brukt forkynnar i Nordhordland. (Indremisjonsforeininga i Nordhordland hadde vorte skipa i ei løe på Frekhaug sommaren 1878.)

Fleire prestar var også aktive i vekkingsarbeidet, slike som O.K. Grimnes (1849-1932) og Bernt Andreas Lindeland (1857-1932). Desse to kom også inn i styret for Indremisjonen.

Rosenius.jpgCarl Olof Rosenius

Den svenske vekkingsforkynnaren Carl Olof Rosenius (1816-1868) fekk også stor innflyting i Noreg, mykje gjennom bladet "Pietisten", som fekk mange lesarar her i landet. "Kom som du er", sa Rosenius, og desse nye evangeliske tonane slo meir og meir gjennom i Indremisjonen. Mellom andre var Jakob Traasdahl, som vart kalla til arbeidar i Bergen Indremisjon i 1870, rosenianar. Og det same var Paul G. Sand, som fekk oppleva ei stor vekking i Ålesund i 1887.

Det Vestlandske Indremisjonsforbund er kjent for si sterke forkynning av synd og nåde, omvending og atterføding, og for å halda fast på Bibelen som Guds feilfrie ord. Tusener har vorte vunne for Gud gjennom organisasjonen sitt arbeid, på Vestlandet, men også andre stader i landet.

Kjelde : Ingulf Diesen : "Norges vekkelseshistorie gjennom 1000 år", Hermon Forlag, m.fl.

Bileta : Gisle Johnson (øverst) og Carl Olof Rosenius.

13/07/09/Kåre

Del 6 : Frikyrkjerørsler på slutten av 1800-talet

Då den svensk-amerikanske evangelisten Fredrik Franson kom til Noreg i 1883, braut det straks ut vekking. Særleg vart det ny vekst i dei lammerske frikyrkjelydane, som no vart vidareført i Det Norske Misjonsforbund. Dei frie evangeliske forsamlingar, kjent som "frie venner", hadde også sitt utgangspunkt i denne rørsla. Dessutan starta Frelsesarmeen opp sitt arbeid i Noreg på denne tida. Før vi ser meir på dette, skal vi fyrst nemne at det også vart skipa lutherske frikyrkjelydar på slutten av 1800-talet.

Det Evangelisk-Lutherske Kirkesamfunn

Usemje med kyrkjeleiinga og staten om både skule- og kyrkjespørsmål, førte til at det i Vestfold fylke vart skipa eit nytt luthersk kyrkjesamfunn i 1872. Kyrkja fekk namnet "Den evangelisk lutherske frikirkelige menighet i Jarlsberg grevskap med flere steder", men er frå 1951 kjent som Det evangelisk-lutherske Kirkesamfunn (DELK).

Det Evangelisk-Lutherske Kirkesamfunn har vore pionerar for kristne grunnskular her i landet. Alt i 1866 hadde 76 foreldrepar i Ramnes herad i Vestfold tatt barna sine ut av den offentlege skulen og starta private skular. Etter fleire endringar i skulen sitt opplegg, meinte foreldra at borna ikkje lenger fekk den naudsynte og rette kristendomsundervisninga i den offentlege skulen. Idag er det 7 grunnskular i Sør-Noreg knytt til kyrkjesamfunnet.

Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja

På denne tida var det mange som ynskte reformer innanfor Statskyrkja, men dei vann ikkje fram med sine synspunkt. To prestar, Johan Storm Munch (1827-1908) og Paul Wettergreen (1835-1889), melde seg ut av Statskyrkja, og sistnemde grunnla ei frikyrkjeforeining i Arendal i 1875. Den fyrste kyrkjelyden vart skipa i Moss i 1877, og snart kom det kyrkjelydar i både Arendal, Halden, Risør og Oslo. Desse kyrkjene slo seg saman i Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja frå 1878, og det nye kyrkjesamfunnet fekk ein god vekst i åra som fylgde.

Det Norske Misjonsforbund

Fredrik Franson.jpgVi har tidlegare skrive om presten Gustav Adolph Lammers (sjå del 4) som var med og skipa den fyrste frikyrkjelyden i Skien i 1856. Dei lammerske frikyrkjelydane hadde kontakt med kvarandre. Det vart arrangert landskonferansar, og dei hadde tilsett C.B.Falck som sin reisesekretær. Frå 1882 hadde dei også eit felles namn : Fellesforening for fri Mission.

Desse frimisjonsvenene vart samde om å kalla den svensk-amerikanske evangelisten Fredrik Franson (1852-1908) til Noreg. Han kom til Kristiania (Oslo) då året 1883 starta, og allereie i det fyrste møtet var det 20 menneske som gav seg over til Gud. Franson reiste no over heile landet, og overalt vart det vekking. Men det var også mykje motstand. Som den fyrste her i landet hadde Franson såkalla "e ttermøte", og dette var det mange som ikkje lika.

I 1884 vart representantar for frikyrkjelydar og frimisjonsforeiningar samde om ein noko fastare organisasjon, og dei tok namnet Det Norske Misjonsforbund (DNM). Det spesielle i desse kyrkjelydane var at dei godtok at medlemane hadde ulikt syn på dåp, nattverdspraksis og statskyrkjemedlemskap. Mottoet vart : "G uds barns enhet og synderes frelse".

Dei frie evangeliske forsamlingar

Erik Andersen Nordquelle (1858-1938) var sjømann, og vart frelst på Atlanterhavet i 1879. Då møta med Fredrik Franson starta, deltok han i desse frå fyrste stund. Frå hausten 1891 vart han forstandar i Bergen Frie Missionsforening (Bethel, DNM). Hit kom også Otto Witt same året, ein tidlegare svensk statskyrkjeprest, som også hadde vore misjonær i Sør-Afrika. Witt hadde eit avvikande syn på kristen helging (helliggjørelse), og han ville også vera fri frå all menneskeleg organisasjon.

Etter forbøn frå Witt hadde Erik Nordquelle ei sterk åndeleg oppleving, noko som kom til å prega forkynninga hans sidan. Hans spesielle forkynning om helging førte til eit brot med kyrkjelyden i Bethel, Bergen, i november 1893. Nordquelle starta istaden med eigne møte i Østre Skostredet. Han reiste også rundt i landet, og det oppstod mange grupper med "frie venner". Desse kyrkjelydane er i dag kjent under namnet "Dei frie evangeliske forsamlingar"(DFEF).

Frelsesarmeen

Frelsesarmeen starta med møte i Noreg i 1887, og generalen sjølv, William Booth (1829-1912), kom til hovudstaden i januar 1888. Han talte i det einaste møtelokalet som vart opna for han, Det Norske Misjonsforbund sitt Betlehem i Møllergaten 26. Det fylgde vekking med arbeidet heilt frå starten av, og mange av samfunnets taparar vart frelst.

Men det var også sterk motstand mot Frelsesarmeen. Den fyrste norske frelsesoffiser, Bertha Hansen (1870-1963), vart fengsla i Kragerø, og sett i celle for drankarar i 5 dagar, på brød og vatn. Den 19 år gamle kvinna vart arrestert for "Gadeuorden i Henhold til Politianordningen av 1701". Både i Arendal og Kongsberg vart det arrestasjoner i samband med friluftsmøte. Men allereie det fyrste året (1888) hadde Frelsesarmeen korps i 10 norske byar! Dei har også hatt eit stort sosialt arbeid frå fyrste stund.

Otto Treider

Til sist nemner vi også den store vekkinga i Oslo i 1880-åra, ved handelsskulestyrar Otto Treider (1856-1928). Hans medarbeidarar var rittmeister Hans Guldberg (1843-1896) og lærar og klokkar Johannes Jørgensen (1850-1892).

Ut frå denne vekkinga vaks det fram ein stor kyrkjelyd, som bygde det største kristne forsamlingslokale i Noreg, Calmeyergatens Misjonshus. Der var det plass til 4000 menneske.

Kjelde : Ingulf Diesen : "Norges vekkelseshistorie gjennom 1000 år", Hermon Forlag, m.fl.

Biletet er henta frå http://bjornolav.blogspot.com/2008/10/fredrik-franson-og-himmeluret-del-1.html

22/07/09

Del 7 : Lekmannshøvdingen Ludvig Hope

Når vi skal skildra kristenlivet i Noreg tidleg på 1900-talet, er det naturleg å starta med ein mann som fekk mykje å seia for den vidare utviklinga. Ludvig Hope var i ei årrekkje den fremste lekmannshøvdingen her i landet. Han samla tusener under sin talarstol, og vant mange for Gud.

Ludvig Hope

Ludvig Hope 1.jpgLudvig Hope (1871-1954) kom frå Masfjorden i Nordhordland. Som 16-åring fekk han si frelsesoppleving i potetåkeren heime på Hope. I 1891 vart Det Norske Lutherske Kinamisjonsforbund skipa, det som idag heiter Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM). Her fekk Ludvig Hope si teneste som forkynnar, og her var han også generalsekretær i åra 1931-36.

Allereie midt på 1890-talet stod Ludvig Hope i vekking på Ørlandet, og vekkingane fylgde han i åra framover. Før vekkinga på Ørlandet hadde Hope opplevd ei stor sorg då ho som han var trulova med døydde frå han. Han var på veg heimover, då ein vinterstorm gjorde at han måtte stogga på Ørlandet. Her sa han motviljug ja til å halda møte, og det braut ut vekking.

Vekking og strid

I ein tiårsbolk stod Hope i vekking mange stader i landet, og då han kom til Christiania (Oslo) i 1898 samla han fullt hus i Calmeyergatens misjonshus, som tok 5000 menneske. Endå meir folk samla han då han kom attende til hovudstaden nokre år seinare. Ludvig Hope kjempa for at nattverden skulle verta fri, og hadde eit viktig føredrag om dette emnet i 1906. No vart kyrkjene og mange skulehus stengde for han. Striden var hard og varde lenge. Men i 1913 vart det politisk gjennomslag for dette synet, og Hope og lekfolket hadde vunne ein viktig siger.

Det var på si forkynnarferd i Nord-Noreg på 1890-talet at Ludvig Hope byrja å nytta landsmål (nynorsk) i si forkynning, noko som vart ei rik utløysing for han. Han kjende seg eitt med heimemålet sitt, og på dette målføret kunne han best få utfalda seg.

Under krigen vart Ludvig Hope med i den midlertidige kyrkjeleiinga her i landet, og han måtte sitje 15 månader som fange på Grini. Hope er også forfattar av fleire bøker, der "Kristus vårt liv" er den mest kjende. Han vitja også andre land, blant anna USA, der hans forkynning fekk mykje å seia for mange.

Norsk Luthersk Misjonssamband

Norsk Luthersk Misjonssamband har sendt ut hundrevis av misjonærar til mange land, og her i landet er det tusenvis av foreiningar. Det har også vorte reist mange skular, barnehagar og leirstader. Så at denne organisasjonen har hatt mykje å seia for kristenlivet her i landet gjennom meir enn 100 år, det er det inga tvil om.

Kjelder : Kapittel om Ludvig Hope i boka "Vekkelsens budbringere gjennom 100 år", Lunde forlag, bokredaktør Arne Prøis, forfattar av kapitlet er Sigurd Rydland. Dessutan : "Vaarløysing", Lunde forlag, forfattar Oscar Handeland. "Norges vekkelseshistorie gjennom 1000 år", Hermon forlag, forfattar Ingulf Diesen. Artikkel på internett frå Norsk Biografisk Leksikon/Store Norske Leksikon av Vidar L. Haanes.

Biletet er frå denne nettsida: http://www.scandion.no/hordaland/masfjorden/lokalhistorie/artiklar/hope/1.html

01/08/09

Del 8 : Vekkingspredikanten Albert Lunde

Hundre år etter Hans Nielsen Hauge høyrdest på ny ei sterk vekkingsrøyst i landet vårt. Den tilhøyrde sørlendingen Albert Lunde. Som Hauge var han ein ulærd mann av folket. Den store vekkinga i hovudstaden braut ut i 1905. Lunde vart snart kalla til dei andre nordiske hovudstadane, og også her vart det vekking.

I Amerika

Albert Lunde1.jpgAlbert Lunde (1877-1939) kom frå Lunde, ein gard som ligg mellom Farsund og Vanse. Som 17-åring utvandra han til Amerika. I Chicago kom han i kontakt med Frelsesarmeen. Sjølve frelsesopplevinga fekk han 13.desember 1896, då han las vers 32 i Romarbrevet 8. Når Gud gav sin Son "for oss alle", som det står, ja så var det også for han!

Denne vinteren fekk Albert Lunde tyfus, og han var døden nær. Doktoren hans sa frå om at dei som skulle gjera han istand til gravferda måtte varslast. Men akkurat då kom to truande vener, som fall på sine knær og byrja å be. Og sjukdomen slapp taket. Lunde har sjølv skildra denne hendinga, korleis han såg ein engel som kom og lyfta han bort frå senga, og at han han kunne sjå heile rommet, doktoren, dei to som bad, og seg sjølv som låg i senga. Då var det ei stemme som sa : "Du må attende til jorda ei stund til".

I vel tre år var Lunde i den amerikanske marinen, og fritida si ombord i båten nytta han til å lesa Bibelen. Ved å granske Guds ord vart han overbevist om at det var rett å lata seg døypa. 30.april 1900 vart han døypt i New Haven. Han kjende kall til å verta forkynnar, og same året vart han løyst frå kontrakta med marinen. I 2 veker deltok han på eit Bibelkurs, og dette vart hans einaste formelle utdanning til forkynnargjerninga.

Vekking i Noreg

I november 1901 kom Albert Lunde heim til Noreg att. Same året stod han i vekking i Stavanger, og året etter i Egersund og Sogndal. Sidan Lunde var døypt som vaksen og ikkje hadde eit luthersk dåpssyn, var det ikkje alle som ville ta imot han. Stundom vart kyrkjer og bedehus stengde for han. Ludvig Hope råda han til å nytta nøytrale forsamlingshus der Indremisjonen ikkje ville ta imot han. Og det gjorde han. I Bergen fekk han tala i Indremisjonen sitt bedehus, og også her vart det vekking.

Etter ein ny tur til Amerika kom Lunde igjen til Noreg i 1904. Han stod no i vekking i Moss, og kom til Kristiania (Oslo) vinteren 1905. Her braut det ut ei stor vekking, og snart fekk han sleppa til i det store Calmeyergatens Misjonshus. Også her vart lokalet sprengt. Tusener vart frelst, og dei slutta seg til ulike kyrkjelydar i og omkring hovudstaden.

Også frå dei andre nordiske landa kom det kall til Albert Lunde, og han stod i vekking både i Stockholm, København og Helsingfors. Møta i Oslo heldt fram, og frå 30.desember 1910 vart arbeidet organisert gjennom "Den Evangeliske Forening", seinare endra til "Den Evangeliske Forsamling". I 1914 fekk dei eit stort møtetelt som tok 2000 menneske, og teltet vart nytta til møta i sommarmånadane i sju år. I 1915 kjøpte kyrkjelyden Møllergaten 20 til forsamlingslokale.

Også i Trondheim vart det organisert ein eigen kyrkjelyd etter at Lunde overtok Brødremenigheten sitt lokale i Erling Skakkesgate 2a, i 1928. Ein bror av Albert Lunde, Thorleif Lunde, vart fast predikant i forsamlinga i Trondheim. I Oslo er kyrkjelyden som Albert Lunde skipa framleis levande, og i 1986 flytta dei frå Møllergaten til sitt nybygg, Misjonskirken i Slemdalsveien 1.

Sjølv om Lunde var døypt som vaksen, og alltid heldt fast på dette synet, kunne ikkje kristenfolket stengje han ute når dei såg kor Gud brukte han og velsigna arbeidet med at tusener vart frelste. Han agiterte ikkje for sitt dåpssyn, og melde seg heller ikkje ut av Kyrkja. Dermed gleid dørene opp for denne Guds mann, som utan tvil er ein av dei største vekkingstalarar som landet vårt har fostra.

Kjelder : "Albert Lunde - Minner fra hans liv" ved Martha Lunde, Aschehoug forlag 1939. "Vekkelsens budbringere gjennom hundre år" ved Arne Prøis, Lunde forlag 1995."N orges vekkelseshistorie gjennom 1000 år" av Ingulf Diesen, Hermon forlag 1994.

Biletet : Albert Lunde, frå boka "Albert Lunde - Minner fra hans liv", ved Martha Lunde.

09/08/09

Del 9 : Thomas Ball Barratt og pinsevekkinga

I 1906 braut pinsevekkinga ut i Los Angeles. Det året var den britisk-norske metodistpastoren Thomas Ball Barratt i USA, og her fekk han oppleve ein mektig åndsdåp. Då han kom heim att til Noreg i desember, braut vekkinga ut også her.

Barrat1.jpgBarndom og ungdom

Thomas Ball Barrat (1862-1940) vart fødd i Albaston, Cornwall i England. Då han var fem år kom han saman med familien til Varaldsøy i Hardanger, der faren var styrar for gruvedrifta.

Tolv år gamal vart han frelst, medan han gjekk på kostskule i England. Han kom heim att til Varaldsøy, og vart snart ein aktiv avhaldspreikar i distriktet. Seinare vart han forkynnar og pastor i Metodistkyrkja. Han gifta seg med Laura Jacobsen frå Bergen, og ho vart ein god medarbeidar for mannen sin.

Barratt starta Kristiania Bymisjon (i Oslo) for å nå dei mest forkomne og utslåtte i samfunnet. For å samla inn pengar til eit bygg for bymisjonen drog han til USA i 1905. I april året etter, medan Barratt framleis var i USA, braut pinsevekkinga ut i Los Angeles.

Åndsdøypt

15.november 1906 fekk Barratt oppleve ein mektig ånsdåp i New York. Han tala i tunger på minst 7 ulike språk! Men det vakraste av alt var songen. Ein månad seinare var han på veg heim att til Noreg. Det fyrste møtet vart halde i Kristiania på vesle julaftan. Straks vart det vekking, og frå hovudstaden spreidde vekkinga seg ut i landet og til mange andre land i Europa. Barrat vart pionéren for pinserørsla både i Noreg og Europa.

Pinsevekkinga

Pinsevekkinga møtte mykje motstand, men spreidde seg likevel raskt. Den fyrste pinsekyrkjelyden vart skipa i Skien i 1908, av C. M. Seehuus. Han var baptistpastor i byen, men braut no med baptistane. Dei fyrste misjonærane vart utsende i 1910, til India. I 1916 grunnla Barratt kyrkjelyden Filadelfia i Oslo.

Det spesielle med pinserørsla var åndsdåpen og tungetalen. Song og musikk fekk stor plass i møta. Barratt sjølv var svært musikalsk og skreiv mange songar. Etter kvart fekk Barratt og pinserørsla eit baptistisk dåpssyn, og dei nye kyrkjelydane som vaks fram praktiserte dåp av truande med full neddukking.

Pinserørsla har på verdsbasis hatt ein eksplosiv vekst, og i mange land er denne vekkinga framleis i sterk framgang. I Noreg er det omlag 40000 pinsevener, og kyrkjelydar over heile landet.

Då Barrat døydde i 1940 var det 5000 menneske som fylgde han til grava.

Biletet/Teikninga : Thomas Ball Barratt

24/08/09

Del 10 : Vekkinga ved svensk-finske Frank Mangs

Det Norske Misjonsforbund sin menighet i Oslo kalla den svensk-finske forkynnaren Frank Mangs til ein møteserie i hovudstaden hausten 1932. Dette vart starten på ei stor vekking, kan hende den største her i landet i det 20.århundre.

Vaktmeisteren i Betlehem hadde fått openberra frå Gud at vekkinga skulle starte i 1932. Styret samla seg til bønemøte kvar onsdag. Ungdomane i forsamlinga hadde under ein Bibeltime om våren hatt ei sterk oppleving av at eit eldhav seinka seg ned over dei. Frå då av deltok dei på dei offentlege møta, gjerne med bøn og vitnemål. Det var mange ting som tyda på at noko nytt var i emning.

Mangs.jpgFrank Mangs hadde sine to fyrste møte i Oslo 9.oktober 1932. På fyrste møtet tala han om leiret i krusmakarens hand, og mange kom i krise, noko som førte til fornying. På kveldsmøtet var lokalet overfullt, og fleire søkte frelse. Sidan held dei fram med to møte dagleg, og etter som lokala var overfylte flytta dei snart til Calmeyergatens Misjonshus, med plass til 3500. Også her var lokalet fylt til trengsel.

Vekkinga held fram veke etter veke, og mange søkte frelse. Sommaren 1933 vart det kjøpt inn eit møtetelt med plass til 4000, og teltet vart plassert på ein 9 mål stor tomt på Majorstua. I sju sommarsesongar på rad stod teltet her. Vekkinga spreidde seg ut i resten av landet, ved at Mangs reiste til nye plassar, eller ved andre som hadde vorte frelst eller fornya og som tok vekkinga med seg der dei kom. Frank Mangs skreiv også ei ny bok kvart år, som kom i store opplag og bar vekkinga ut til folket.

I ein tiårsbolk frå 1932 vart medlemstalet i Det Norske Misjonsforbund tredobla, frå omlag 2500 til 8500. Også andre kyrkjesamfunn hausta rik frukt av Mangs-vekkinga. Det er dei som meiner at vekkinga rørde ved 100.000 nordmenn. Blant dei mange som møtte Gud i denne vekkinga var den seinare så kjende misjonæren Annie Skau.

Frank Mangs vart mykje brukt av Gud gjennom eit langt liv, fram til sin død i 1994.

Kjelder : Vekkelsens budbringere gjennom 100 år, Arne Prøis, Lunde forlag, artikkel av Ingulf Diesen. Norges vekkelseshiatorie gjennom 1000 år, Hermon forlag, Ingulf Diesen.

Biletet : Frank Mangs, frå http://www.frankmangscenter.fi/?ART=1&UM=3

12/10/09

Del 11 : Oxfordrørsla

I Oxford vart det ei vekking mellom studentar og lærarar, og vekkinga spreidde seg til heile Europa, særleg i dei høgare sosiale lag av folket. Leiaren var ein luthersk prest frå USA, Frank Buchman(1878-1961). I 1934 kom han til Noreg saman med eit stort team, og også her vart det vekking.

Buchman4.gifI Oxfordrørsla hadde dei det som dei kalla «houseparties», der dei som deltok kom med korte vitnemål. Sentralt i denne rørsla var det å sanna syndene for kvarandre. Dette skulle gjerast konkret for ein som tilhøyrde gruppa.

Ein av dei som kom til det fyrste "houseparty" på Høsbjør Turisthotell i Brumunddal 28.oktober 1934, var diktaren Ronald Fangen. I kofferten hadde han mellom anna med seg to flasker whisky. Men flaskene vart ikkje opna, for dagane på hotellet endra livet hans og han vart ein vedkjennande kristen. Det som hadde hendt vart snart kjent over heile landet.

I Oxfordrørsla var samtalen viktig. Dei kunne gå direkte til enkeltpersonar og stille slike spørsmål som : «Er du frelst?», «Korleis har du det med Gud?», «Ber du?» og så vidare. Ei engelsk adelskvinne gjekk frimodig bort til biskop Johan Lunde og spurde han : «Er du frelst, biskop?» Og biskopen svara : «Å ja, jenta mi, det var eg lenge før du vart fødd!»

Ein annan ting som kjenneteikna denne spesielle vekkinga, var at dei la stor vekt på det å ha ei stille stund saman med Gud om morgonen, med Bibel, bøn og notisblokk. Dei skulle lytte til Guds røyst og skrive ned tankar som kom til dei. Det kunne vera menneske som Gud minna om, og som dei skulle gå til og spørje dei om korleis dei hadde det med Gud. I Oxfordrørsla var det viktig å bruke tida til å vinne menneske for Gud, gjennom å ta kontakt med menneske i det daglege livet.

Kallskapellan i Ullern menighet i Oslo, Johannes Smidt, som seinare vart biskop i Agder, stod sentralt i vekkinga på Oslo vestkant. Også på Sørlandet fekk Oxfordrørsla stort gjennomslag, og her stod dei nærare ei tradisjonell kristendomsforståing med vektlegging av sentrale sanningar som forsoning og rettferdiggjering. Noko av kritikken mot rørsla var nemleg at den hadde eit svakt evangelisk læregrunnlag. Det etiske og moralske vart derimot vektlagt. Etter nokre få år stilna vekkinga av, men den hadde sett djupe spor etter seg fleire stader i landet vårt. Oxfordrørsla endra karakter etter kvart, og gjekk over i Moralsk Opprusting (MRA) frå 1938.

Kjelde : Boka "Vekkelsens budbringere gjennom 100 år" red. Arne Prøis; artikkelen i boka er av Ove Eikje; forlag : Lunde.

Bilete : Frank Buchman

02/11/09

Del 12 : Evangelisten John Olav Larssen

Etter vekkinga med Frank Mangs på 1930-talet, har det ikkje vore store folkevekkingar her i landet. Men Gud har brukt brennande emmisærar og evangelistar som har reist rundt i bygder og byar, og gjennom deira trufaste teneste har mange vorte vunne for Gud. Ein av desse evangelistane, som kunne samla tusener, var John Olav Larssen.

John Olav Larsen.jpgI 1957 samla tusener av menneske seg på Jordal Amfi i Oslo, ikkje til eit idrettsarrangement, men for å høyre evangeliet. Evangelisten som talte Guds ord var John Olav Larssen (1927-2009), ein møbelsnekkar frå fiskeværet Hellvik ved Egersund. Møteopplegget var enkelt, med ei kort opning, deretter song av Sandefjordkvartetten og Rolf Listrøm, og til sist forkynning og innbyding til frelse. Medan felleskoret song «Just som jeg er» søkte menneske frelse, kveld etter kveld.

Avisene skreiv om vekkinga, og i Verdens Gang vart John Olav Larssen samanlikna med Billy Graham. Dei skreiv mellom anna : «Såre enkel er hans forkynnelse, han bruker ikke et eneste fremmedord, han hyller ikke sine meninger inn i dunkle ord og vendinger». Og slik var det. Når han illustrerte bodskapen gjorde han det ofte med å fortelje det han sjølv hadde opplevd. I tillegg brukte han humor, og midt i eit alvorleg vekkingsmøte kunne han få forsamlinga med på ein hjarteleg latter.

Når John Olav Larssen førebudde seg til møta, var det gjennom bøn og Bibellesing. Time etter time studerte han Guds ord, for å få «lys over Ordet». På møta talte han utan å bruka manuskript.

I 1964 starta John Olav Larssen Nordens aller fyrste Bibel- og misjonscamping på Justøy. På det meste kunne leiren vera fylt av 350 telt og 1500 menneske. Og mange kom att år etter år.

Det er ikkje tvil om at John Olav Larssen har vore ei av dei sterkaste vekkingsrøystene i vår tid, og at mange har møtt Guds kall til frelse og teneste gjennom hans forkynning.

Kjelde : Boka «Vekkelsens budbringere gjennom 100 år», Lunde forlag, artikkel av Magne C. Krohn.

Foto frå : http://evenshaug.blogspot.com/2009/01/john-olav-larsen.html

23/11/09

Del 13 : Jesusvekkinga

Jesusvekkinga braut ut i California i USA i 1967, midt i hippiemiljøet, ei ungdomsrørsle som protesterte mot den tradisjonelle livsstilen. Til Noreg kom vekkinga tidleg på 1970-talet, for så å forsvinne etter nokre få år.

Til Sverige kom det representantar frå Jesusvekkinga frå 1970. Den svenske Jesusrørsla fekk også innflyting i Noreg, ikkje minst i dei metodistiske ungdomsmiljøa.

Det var «Children of God» som introduserte Jesusvekkinga i Oslo, frå 1972, men dei utvikla seg til ei seksualfiksert og ekstrem sekt som ikkje vart godtatt som ein del av Jesusvekkinga. Istaden kom norske ungdomar til å stå i leiinga for vekkinga i Oslo, gjennom «Guds Fred», som på sine gospelkveldar i Trefoldighetskirken samla opp til 2000 unge annankvar søndag, gjennom fleire år.

Grenlandsområdet vart eit tyngdepunkt for Jesusvekkinga i Noreg, og særleg metodistkyrkjer på austlandet opna seg for rørsla. Andre stader der vekkinga fekk mykje å seia, var i Molde («Ung visjon»), Gjøvik («Jesu glede») og Bergen (i Korskirken).

Jesusvekkinga førte noko nytt og friskt med seg. Gudstenesteforma og tilbedinga vart fornya, og det vart lagt vekt på relasjonar, felleskap og evangelisering. Både Calvary Chapel og Vineyard, som idag er kjende kyrkjenettverk, har røter attende til denne vekkinga.

Kjelde : Artikkel i Vårt Land av Per Eriksen : «Hvor ble det av kirkens blomsterbarn?»

http://www.vl.no/meninger/troetikkeksistens/article2967649.ece?service=print

10/01/10

Del 14 : Den karismatiske fornyinga

I 1960 stod den anglikanske presten Dennis Bennett (1917-1991) fram og fortalde at han hadde vorte åndsdøypt og at han talte i tunger. Dette skjedde i California i USA, og vert gjerne rekna som starten på den karismatiske fornyinga. Fornyinga spreidde seg raskt til mange kyrkjesamfunn, som det lutherske, og i 1967 til det romersk-kataloske kyrkjesamfunn.

Harald_Bredesen.jpgTil Noreg kom den karismatiske rørsla på slutten av 1960-talet. Ein av dei som vitja Noreg då var den amerikanske lutherske presten Harald Bredesen (1918-2006). Han hadde norske forfedrar. Av nokon vert han kalla «far til den karismatiske rørsla» I 1966 kom han til Oslo via Sverige, og tala fyrst på ei ungdomssamling i Vestre Frikirke. Møtet gjorde eit sterkt inntrykk på tilhøyrarane. Harald Bredesen hadde opplevd åndsdåp og tungetale så tidleg som i 1946.

Mange kyrkjer og kyrkjesamfunn opna seg opp for fornyinga. Ein av dei som var med og opna opp for rørsla her i landet var evangelist Aril Edvardsen (1938-2008) frå Kvinesdal. Gjennom «Troens Bevis Verdensevangelisering» samla han frå 1964 store skarer til årlege sommarstemne i «Sarons Dal» i Kvinesdal. Ein annan plogspiss for den karismatiske vekkinga var sjømannspresten Hans-Jacob Frøen. Det vekte oppsikt då det i 1970 vart kjent at ein norsk statskyrkjeprest tala i tunger! Fleire pionerar kunne nok sikkert også vore tatt med.

I Den norske Kyrkja var det mange som tok imot fornyinga, noko som seinare førte til opprettinga av Oaserørsla. Oaserørsla sitt mål er å arbeida for karismatisk fornying innanfor den lutherske kyrkja, og Oase har vore, og er framleis, til inspirasjon for tusener av kristne i Noreg.

Det som kjenneteiknar den karismatiske fornyinga er erfaringa av Den Heilage Ande (åndsdåp), og praktisering av nådegåver som tungetale, profeti og lækjedom ved bøn. Eit anna kjenneteikn er nære kristne fellesskap, lovsong og evangelisering.

Den karismatiske rørsla er ikkje ein eigen organisasjon, men er organisert innanfor dei ulike kyrkjesamfunna. Rørsla har spreidd seg til dei fleste kyrkjesamfunn, og har fått ein sterk posisjon innanfor den katolske kyrkja. Dei fleste kyrkjer i Afrika og Asia (særleg i Kina) er sterkt prega av den karismatiske rørsla.

Kjelder : Artiklar av Tormod Engelsviken : http://www.snl.no/den_karismatiske_bevegelse ,

Reidar Paulsen : http://www.kristkirken.no/index.php?option=com_content&view=article&id=661&catid=20:reidars-blogg&Itemid=21 , med fleire.

Bilete : Harald Bredesen

11/01/10

Del 15 : Ludvig Karlsen

Ludvig Walentin Karlsen (1935-2004) var av romanifolket, og som barn var han omreisande tater saman med foreldre og sysken. Sidan vart det eit hardt liv, med mykje rus, noko som gav han til saman 9 år i fengsel. I 1975 vart han radikalt frelst. I 1983 starta han, saman med kona Lise, Stiftelsen Pinsevennenes Evangeliesenter, som vart det største hjelpetiltaket for russkada her i landet.

Ludvig K.jpgLudvig kom frå ein omstreifarfamilie og reiste rundt i landet med hest og vogn, saman med sine foreldre og ni sysken, frå tidleg i mai til seint på hausten kvart år. Dei låg ute i telt, og det var eit tøft liv, prega av fattigdom. Berre i vinterhalvåret var dei fastbuande, og då gjekk barna på skule.

Då Ludvig var 15 år vart foreldra kristne, og dei vart fastbuande. Ludvig reiste no på eiga hand og vart gategut, uteliggjar og alkoholikar, som livnærte seg med tjuveri og uærlegdom. Det vart mykje fyll og slåssing, og til saman 9 år bak fengselsmurane.

Då han traff Lise og fekk sin eigen familie, prøvde han å leggje problema bak seg. Han lærde seg blikkenslageryrket, og starta med travhestar. Men nye problem tårna seg opp, mykje på grunn av alkoholen. Lise ville skilja seg, og Ludvig ville gjera slutt på livet. Istaden fekk dei begge eit heilt nytt liv då dei tok imot Jesus på bedehuset Betania i Gullverket i Eidsvoll. Det var i 1975.

Ludvig byrja snart å vitna om Jesus, og han reiste som evangelist. I åra som fylgde vart mange av romanifolket frelste, truleg nærare 500 i perioden 1975-1983. Men Lise og Ludvig skulle nå endå lenger. Dei hadde eit hjarta for samfunnet sine utslåtte, og ville lyfta dei opp frå rennesteinen og ut or rusmisbruket. Arbeidet starta i deira eigen garasje, før det fyrste Evangeliesenteret kom igang på Roa på Hadeland i 1983.

Dette vart starten på ei eventyrleg utvikling, slik at det på det meste, på slutten av 1990-talet, var heile 39 senter rundt om i landet. Etter 20 år hadde så mange som 25 000 fått behandling for sine rusproblem, og mange hadde fått eit nytt liv, utan rus.

Ludvig Karlsen var også forstandar, blant anna i Evangeliesalen Berøa i Oslo, og han var omreisande evangelist. Han forkynte Guds ord med stor hjartevarme, og vann mange menneske for Guds rike. Ja, heilt inn på Stortinget fekk han koma, og han fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 1997. Ein heil nasjon syrgde då Ludvig Karlsen døydde i 2004. Lise Karlsen har leia arbeidet etter det.

Kjelder : «Vekkelsens budbringere gjennom 100 år», red. Arne Prøis, artikkel av John Granly, Lunde forlag. «Ennå skjer det under», Anne-Lill Øverby, Rex forlag. Artiklar på Wikipedia.

Bilete : Lise og Ludvig Karlsen

17/01/10

Del 16 : Trusrørsla

Trusrørsla gjorde seg sterkt gjeldande i Noreg på 1980- og 90-talet, og førte til mange nye initiativ. Det vil nok vera mange meiningar om kva rørsla har hatt å seie for kristenlivet her i landet, og det er vel også for tidleg å slå det fast no. Uansett kva ein måtte meine om dette, er det likevel vanskeleg å koma utanom trusrørsla i ein artikkelserie som denne.

IMG_1070.JPGDet har vore fleire inspirasjonskjelder til trusrørsla, men den sterkaste påverknaden kom frå USA. Fleire frå Skandinavia gjekk på Rhema Bible Training Center i Tulsa, Oklahoma, som forkynnaren Kenneth Hagin (1917-2003) hadde starta i 1974. Til Noreg kom trusundervisninga også gjennom litteratur, og av bøker som vart omsett til norsk var mellom andre mange av Hagins bøker.

Den norske evangelisten Åge Åleskjær gjekk på Bibelskulen i Tulsa, og henta dessutan inspirasjon frå menigheten Victory Christian Center, der Billy Joe Daugherty (1952-2009) var pastor. I 1985 starta Åge Åleskjær Oslo Kristne Senter, som idag er mellom dei største frikyrkjelydane i Noreg.

Ein annan som gjekk på Rhema i Tulsa var Ulf Ekman frå Sverige, som då var luthersk prest. I 1983 starta han kyrkjelyden Livets Ord i Uppsala, som også har hatt stor innflyting i Noreg og i mange europeiske land. Gjennom Bibelskulen Livets Ord Bibelcenter og den årlege Europakonferansen, har tusener av nordmenn henta inspirasjon frå pastor Ulf Ekman og frå Livets Ord. Forkynnarar frå Livets Ord har dessutan vitja mange norske kyrkjelydar.

Trusrørsla la sterkt vekt på undervisning frå Guds ord, noko som mellom anna førte til at fleire Bibelskular kom igang, i tillegg til laurdagsbibelskular og kveldsbibelskular. I Noreg vart det dessutan starta mange nye kyrkjelydar, der nokre fekk namnet «kristne senter» eller «Bibelsenter». Forkynninga hadde til dels ein reformatorisk tone, noko som førte til eit sterkt samfunnsengasjement. Blant anna fekk den kristne skuletanken ei oppbløming, og mange nye kristne grunnskular kom igang. Mykje av inspirasjonen til dette kom gjennom Livets Ord i Uppsala.

Trusrørsla kom som eit friskt pust mange stader, og både gudstenestelivet og møteformen vart fornya. Mange av dei nye songane vert idag sunge i ulike kristne samanhengar. Ei ny tru på at Gud vil gjera under, og at han vil bruka kvar enkelt kristen, vaks fram. Kan hende vi kan seia at det beste i trusrørsla tilførde mange kristne og kyrkjelydar mykje godt.

Vi kan likevel ikkje underslå at ein del menneske har hatt negative opplevingar i møte med trusrørsla eller representantar for kyrkjelydar innanfor rørsla. Alt har ikkje vore like bra, og vi får håpe at vi har lært noko også gjennom feil som har vorte gjort.

Dei seinare åra har det skjedd ei stor tilnærming mellom kyrkjelydane i trusrørsla og andre pinsekarismatiske kyrkjelydar. Dette gjev von om at det beste i dei ulike rørsler og leirar kan tilføre noko nytt, samt gjeva grunnlag for større einskap og ny vekst, i alle dei ulike kyrkjelydane.

Biletet : Frå Europakonferansen på Livets Ord i Uppsala sommaren 2008. Tusener prisar Gud.

15/02/10

Nordhordland Bibelsenter Alvermarka 39, 5911 Alversund
___________________________

Tlf: 902 20 938
E-post: post@bibelsenter.no
___________________________

Konto nr.:
6529 05 14767
Konto nr. misjon: 6529 05 14791