Ut i naturen
Her finn du ulikt stoff om den vakre naturen i Nordhordland. Håpar det kan inspirera til turgåing og naturopplevingar i vårt eige nærområde.
Postvegen mellom Hundvin og Vågseidet
Postvegen er skilta
Postvegen er skilta
Gjennom tett skog
Gjennom tett skog
Langs eit vatn
Langs eit vatn
Spanande vegetasjon
Spanande vegetasjon
Gamle lerketre
Gamle lerketre
I fedrane sine fotspor
I fedrane sine fotspor
Over ei vakker steinbru
Over ei vakker steinbru
Gjennom flott natur
Gjennom flott natur
Den trondhjemske postvei vart bygd mellom Bergen og Trondheim på slutten av 1700-talet, og var lenge hovudvegen mellom dei to byane. Delar av vegen finst framleis, og det er ei spesiell oppleving å vandra på attgrodde stiar og over gamle steinbruer, slik ein kan gjera mellom Hundvin og Vågseidet i Lindås.

Det var i 1785 at det kom Kongeleg resolusjon om eit vekefast postsamband mellom Bergen og Trondheim. Vegen skulle vera 3,7 meter brei, og ha solide grøfter. Vegarbeidet pågjekk i åra 1780-1804, og det var bøndene som måtte gjera jobben. Dette vart no postvegen mellom dei to byane heilt fram til 1868, då dampbåtane overtok.

Om du startar på Hundvin, må du finne skilta med "Den Trondhjemske postvei", og fylgje desse. Nokre plassar kan skilta vera vanskelege å sjå, eller ha ramla ned. Men det går stort sett greit å finna fram. Den eldste brua, som har to løp, vart truleg bygd på slutten av 1790-talet. Du kjem til den like før bygda Skodvin. Lerketrea mellom Trelevikjæ og Nesfossen kan vera like gamle. Vegen går også gjennom gamal furuskog.

Når ein går på den delvis attgrodde vegen, er det underleg å tenkje på at dette ein gong var hovudvegen mellom to av dei viktigaste byane i landet vårt. Her ferdast bønder og embetsmenn, med hest og kjerre, og stundom til fots. Den kjende forkynnaren Hans Nielsen Hauge drog denne vegen fyrste gong i 1799, på veg frå Bergen til Trondheim. Vegen han måtte reise var 695 km lang. Ja, her ferdast nordmenn og utlendingar, vitskapsmenn og eventyrarar, kjende og ukjende, i mange slags ulike ærend.

I dag er det stille langs postvegen, og du vil truleg ikkje møta så mange andre på di vandring. Men ei fin naturoppleving vil du få, frisk luft og god trening. Turtid fram og attende er i underkant av 3 timar. For det meste i lett terreng, men med nokre bratte parti innimellom.

Kjelder : "52 opplevingar i Hordaland" av Kjersti Mjør og Helge Skodvin, Skald forlag. "Postvegen Bergen-Trondheim" av Ingemar Nordstrand, Det Norske Samlaget, Oslo 1996.

09/11/2012/Kåre Hindenes
Fjelde gard - langt frå allfarveg
Frå Urdalssætra
Frå Urdalssætra
Fjelde gard
Fjelde gard
Huset på Fjelde
Huset på Fjelde
Utsikt frå Fjelde gard
Utsikt frå Fjelde gard
Bortgøymd og langt frå allfarveg ligg den fråflytta garden Fjelde. Her er det ikkje så mange som ferdast i våre dagar, utan om nokre ihuga turgåarar, kan hende med slektsrøter nettopp her. Ein tur til Fjelde gard kan starte ved Stor-Urdal i Lindås kommune.

Mellom Eikefet og Vikanes, i den vesle bygda Stor-Urdal, kan du ta av frå E39, inn på ein liten veg på venstre sida. Men denne vegen vert snart stengt av ein bom, og då må du ta beina fatt. Den fyrste delen av turen er på god veg og i flatt terreng. Seinare går vegen over i ein sti, og terrenget vert brattare og kupert.

 Etter å ha gått i roleg tempo i 1 time og 45 minuttar, kjem du til Urdalssætra, etter fyrst å ha passert Tungevatnet. På den vakre sætra høver det godt å ta seg ein liten kvil, og herifrå kan du faktisk sjå husa på Fjelde gard. Det er likevel endå ein halv time å gå, i ulendt terreng, og du må krysse ei elv, på ei lang hengebru. Husa på Fjelde ser du ikkje meir til, og du kan lure på om du har gått deg vill. Men stien er tydeleg, og om du ikkje gjev opp, får du løn for strevet. Til sist dukkar Fjelde gard opp. Huset og løa ligg høgt og fritt. Kanskje tar du deg ein pust i bakken, og ei matøkt nede ved elva, før du går opp dei bratte bakkane til tunet. For nistemat må du ha med deg på ein slik tur, og kaffi, for dei som likar det.

Om det er på seinsommaren eller tidleg haust, vil du truleg finna mykje blåbær i liene nedanfor og oppanfor sjølve gardstunet. Det kan vera lurt å ha eit lite spann med seg, så vert det gjerne fullt i løpet av ein halvtime. Fjelde gard er eigd av BKK, og huset og løa ser ut til å vera halde ved like. Det er likevel tydeleg at huset ikkje kan vera mykje i bruk no lenger. Litt trist det, for dette kunne vera ein flott plass å feriere om sommaren.

Dei siste som budde på Fjelde gard, var Anders R. Fjelde og dottera Maria. Anders døydde i 1930, og garden var då alt seld til Nordhordland Kraftlag. Maria flytta då frå Fjelde. For oss som vitjar Fjelde gard no, er det vanskeleg å skjøna at folk kunne byggje og bu så avsides som dette. Det må ha vore eit slit mange gongar. I boka "Mimra" - sogeskrift for Lindås 2006 - skriv Edel Fjelde Andersen ein artikkel med tittelen : "Slik bodde Fjelde-folket" (side 33). Her er det også eit gamalt fotografi, der ein kan sjå Anders og Maria i tunet. Dette stykket er vel verdt å lesa før du tar turen til Fjelde.

For endå meir informasjon om Fjelde gard, og vegen dit, kan du også lesa i "Mimra" for 2005 : "Sommerminner fra Fjelde" (side 38) av Edel Fjelde Andersen, og "Mimra" for 2009 : "Minne om tante Maria" (side 18) av Eli Fjelde Vikan. Å lese dette på førehand, vil gjera ein tur til Fjelde endå meir innhaldsrik og spanande. Særleg om du har interesse for lokalhistorie. Ha ein god tur!

Bilete : Ved Tungevatnet (før Urdalssætra)

Kjelde : "Mimra" - sogeskrift for Lindås, utgjevar : Lindås sogelag. (År 2005, 2006 og 2009)

02/09/2012/Kåre Hindenes
Kvassnesstemma i Knarvik
 
 
 
 
 
 
 
 
For deg som ynskjer deg ein liten og lett tur i frisk luft, er idylliske Kvassnesstemma midt i blinken. Mange vil verta overraska over at eit slikt fint turområde finst i det elles så tettbygde Knarvik. Og denne turen vil høve for dei fleste, uansett form eller alder.

Kvassnesstemma ligg på sørsida av E-39, og med utgangspunkt frå Shell-stasjonen i Knarvik kan du fylgje vegen forbi Reikeråsbygget til Såta bu og servicesenter. Herifrå finn du vegen til Kvassnesstemma. Men du kan også finna andre vegar inn i friluftsområdet.

Rundt ei idyllisk tjørn, der det særleg om sommaren er mykje fugleliv, kan du vandra på ein 900 meter lang sti, og kvila deg på benkar som er plassert langs stien. Om du ynskjer det kan du ta ein avstikkar til sjøen også. Like ved gangvegen til Kvassneset kan du sjå murane etter kvernhuset som ein gong stod her, og som høyrde til garden Gjervik.

Sjå også bileta frå Kvassnesstemma, fotografert 14.mai 2011 før kl.08.00 om morgonen (over).

14/05/11

Husdalsfjellet

Ein tur til Husdal og vidare til Husdalsfjellet er ei flott oppleving i fint vær. Du tar av frå E39 mot Molvik, rett etter at du har passert Ostereidet og tunnelen der. Då kjem du straks til ein sideveg på venstre side, som er sperra med bom, og som er vegen du skal fylgja mot Husdal.

Rett over brua ved Husdalsvatnet finn du vegen som går opp til garden Husdal. Vegen er sperra for biltrafikk, med ein bom, så du må ta beina fatt. I Husdal er det mange eldre og velstelte hus i eit vakkert tun.

Frå tunet kan du no velja ei av to løyper. Du kan gå forbi det øvste huset og rett opp lia, eller du kan ta skogsvegen til høgre for husa. Turen opp lia er den kortaste, men også den som er brattast. Skogsvegen er bratt i starten, men elles lett å gå. Ved enden av skogsvegen kan du også velja mellom to løyper. Du går enten til venstre eller rett fram. Frå toppen av Husdalsfjellet, 734 meter over havet, har du god utsikt.

Om du vel den brattaste stien når du skal ned att frå fjellet, krev det topp konsentrasjon, særleg på vått underlag. Då er det betre å velja skogsvegen.

Kjelder : Eikanger Idrettslag og Lindås kommune

 Bileta : Nokre av husa på tunet i Husdal, og utsikt frå fjellet mot Osterfjorden.


29/08/10

Eikangervassdraget

 Eikangervassdraget er det lengste vassdraget i Lindås. Dei siste åra har området vorte tilrettelagt for friluftsliv og turgåing.

Dersom du har lyst på ein søndagstur på omlag 2 timar, kan ein tur langs Eikangervassdraget vera eit godt alternativ. Her kan du gå på sti og traktorveg, og kryssa vassdraget på koselege bruer. Området er småkupert, med nokre bratte parti. Eit par plassar finn du også benkar og bord der du kan ta deg ein kvilepause og kosa deg med kaffi og mat. Kanskje er du heldig og møter fuglar eller dyr, eller du får sjå dei flotte gule og kvite nøkkerosene som blømer i vassdraget i juli. Skal du fiska etter sjøaure eller anna fisk er det råd å kjøpa fiskekort.

Eikangervassdraget strekkjer seg frå Eikangervåg ved Osterfjorden til Vikavatnet, omlag 1 mil i  nordvestleg retning inn i landet. Høgdeforskjellen frå inste vatnet til sjøen er berre 24 meter, så om du vil oppleva fossar og stryk må du nok heller finna eit vassdrag lenger aust i kommunen.

Ditt utgangspunkt for turen kan enten vera Eikanger skule eller på Lid, der du kan parkera bilen din ved enden av vegen. Frå skulen fylgjer du bygdeveg og traktorveg på vestsida av Liavatnet. Frå Lid fylgjer du stien som etter kvart fører deg til Torvvatnet. I bekken frå nedre Torvvatnet hadde gardane på Lid ei kvern i gamal tid. Kornet vart enten frakta med båt opp frå Liavatnet, eller bore på ryggen ned og oppatt "Kvednastien".

Ved nedre Torvvatnet er det idag ein idyllisk rasteplass. Mellom nedre og øvre Torvvatnet er det eit breitt sumpområde, som det tidlegare var vanskeleg å koma over. Her er det no ei lang hengebru.

I større vassdrag var det før i tida små kraftverk som gav lys til heimane og nærområdet utover på 1900-talet. Ved utløpet av elva ser du enno restane etter fundamentet for generatoren i Eikanger bygdekraftverk.

 Eikangervåg er ei koseleg bygd, som før var eit sentrum i dette området. Bygda har enno barneskule og litt småindustri, og her er bensinstasjon og hagesenter. Inne i Vågen er det eit gamalt naustmiljø, ei koseleg gamal steinbru, og eit gamalt bedehus som framleis er i bruk. I Vikjæ er det ein gamal husmannsplass. Dei siste åra har det kome eit par nye byggefelt i bygda. Meieriet, butikkane og postkontoret er nedlagt. I "gamle" dagar hadde bygda dampskipskai, men rutesambandet med Bergen går no med buss langs E39. Med bil køyrer ein til Knarvik på 10 minuttar, og til Bergen på 40 minuttar.

Fekk du lyst til å ta deg ein tur?

Bileta er frå Eikangervassdraget.

08/06/09

Rododendronhagen på Radøy

 I Austmarka på Radøy ligg det ein nydeleg hage som er vel verd ei vitjing, særleg no i mai-juni, sidan hagen har omlag 400 ulike sortar Rododendron som blømer på denne tida.

Tjorehagen i Austmarka på Radøy er ein 15 mål stor naturhage, skapt av Olav Tjore (1930-1998). Ei eik planta i 1960 var byrjinga, og sidan har det utvikla seg til det vi kan oppleva idag, 2000 ulike tre og busker, og særleg mange rododendronsortar.

Denne botaniske hagen er ein fredeleg plass på jorda, og eit flott mål for ein dagstur. Her kan du vandra på idylliske stiar mellom eksotiske plantar og forbi små tjern, gå over den nydelege gråsteinsbrua frå 1998, sitja på ein benk og høyra fuglesongen, kort sagt : finna roen.

For å koma til Tjorehagen må du køyra over Alversundbrua til Radøy, og omlag 5,5 kilometer utover øya (retning Manger), til du finn hagen på venstre sida. I fint vær vert dette garantert ei oppleving!

Les meir her : http://www.tjorehagen.no/

27/04/09

Fossevatna ved Alversund

Som barn høyrde eg ofte "myrabukken" om kveldane. Lyden var som av eit brekande lam, og eg synest det var litt nifst. Idag veit eg jo at det er fuglen enkeltbekkasin som lagar denne lyden med fjørene, når den styrtar skrått gjennom lufta. No høyrer me ikkje "myrabukken" heime på Hindenes lenger. Men ved Fossevatna nord for Alversund er det framleis mogeleg å høyra enkeltbekkasinen sitt fluktspel ein vår- eller sommarkveld.

 4 kilometer nord for Alversund kjem du til stien som fører til Fossevatna, som er ei av dei finaste våtmarkene i Lindås. Her finn du vegetasjonsrike vatn med mange holmar, myr, sumpskog, og ikkje minst, eit rikt og variert fugleliv.

Fossevatna er to vatn, Litlavatnet og Storavatnet. I kanten av Litlavatnet veks mykje flaskestorr og elvesnelle. Meir spreidd finn ein gulldusk, myrklegg og hesterumpe.

Det er særleg fuglelivet som har gjort Fossevatna kjend. Heile 115 ulike fugleartar er registrerte her. Mellom dei er 10 artar andefuglar, 11 vadefuglar og 2 riksefuglar. Vanlege hekkande våtmarksfuglar er krikkand, vipe og raudstilk. Vi har alt nemd den spektakulære lyden som enkeltbekkasinen (hannfuglen) lagar i sitt fluktspel. Fleire bekkasinpar hekkar ved Fossevatna.

Hugs å visa varsemd når du ferdast i området. Bruk dei oppmerka stiane, og uroa ikkje hekkande fuglar!

26/01/09/Kåre Hindenes

Bilete : Enkeltbekkasin. Frå Cappelens naturhåndbøker. Fugler.

Kjelde : Naturhistorisk vegbok, Hordaland. Bergen Museum - Nord 4.

Den nordlegaste bøkeskogen i verda

Ved Seim i Lindås finn vi det som er den nordlegaste bøkeskogen i verda. Vi må faktisk heilt sør til Vestfold for å finna noko liknande. Korleis kan dette ha seg?

 Nordhordland har mange overraskingar å by på for dei som har interesse av å utforske naturen. På Vollom, tre kilometer nord for Seim i Lindås, finn vi ein slik attraksjon. Mellom Poltneset og Skardsvatn ligg nemleg den nordlegaste bøkeskogen i verda. Frå Lurefjorden veks trea ein snau kilometer oppover dalen.

Korleis kan det ha seg at det finst ein bøkeskog nettopp her? Og kor gamal kan skogen vera? Heilt sikre svar kan vi ikkje gjeva på desse spørsmåla. Professor Knut Fægri, som tok sedimentprøvar frå myrar og vatn ved skogen, og som granska polleninnhaldet, meiner å kunne slå fast at bøkeskogen har kome hit ein gong mellom år 500 og år 1000.

På Seim var det ein kongsgard på 800- og 900-talet. Kongane Harald Hårfagre og Håkon den gode heldt ofte til her. Dei høyrde til Ynglingeætta, som hadde slektsrøter i Vestfold, der det fanst bøkeskog i vikingtida. Bøkeskogen ved Larvik er framleis den største i landet. Det er grunn til å tru at det var samband mellom kongsgarden Seim og Hårfagreætta sine gamle slektsgardar i Vestfold. Så kanskje bøkeskogen ved Seim kom hit med kongsslekta frå Vestfold for meir enn 1000 år sidan?

Bøkeskogen på Vollom har ikkje noko rikt planteliv. Det skuldast fleire ting. Skogen er svært skuggefull om sommaren, og skogbotnen er også dekt av tjukke lag av visna lauv. Men det finst eit rikt fugleliv i skogen. Ei gransking i 1973 viste at det då hekka 72 fuglepar i skogen, og at 17 ulike fugleartar hekka her. Blant dei mest talrike var lauvsongar og raudvengtrast, og svarttrast, raudstrupe og bokfink var også svært vanlege i bøkeskogen. Om vinteren kan ein bøkeskog få besøk av store flokkar med bjørkefink, særleg dei åra då det er mykje bøkenøtter.

15/12/08

Kjelder : Strilesoga, band 1, Eide forlag / Naturhistorisk vegbok, Hordaland, Bergen Museum


Dei marine innsjøane i Nordhordland

Blant mange naturattraksjonar i Nordhordland er Lurefjorden. Her lever det skapningar som ein ikkje finn så mange andre stader i verda. Kva er så forklaringa på dette?

Lurefjorden er eit lukka fjordsystem. Grunne tersklar til havet utanfor hindrar Atlanterhavsvatn å koma inn i fjorden. Innanfor dette fjordsystemet av marine innsjøar er det også tersklar mellom Lurefjorden og Lindåsosane, og mellom Lindåsosane og Fjellangervågen. Dette gjer at sjøen i dette område har fire nivå ved flo og fjøre.

Lindåsosane har to basseng, Straumsosen ytst, og Spjeldnesosen. Innanfor ligg dessutan Fjellangerosen, knytt til Lindåsosane gjennom Haukåsstraumen. Den største djupna i desse osane varierer frå 30 til 60 meter, og straumane frå Lurefjorden inn i osane er berre eit par meter djupe.

 I Lurefjorden og Lindåsosane lever det sjeldne maneter, skjell og fisk. Blant anna finst det store mengder av den sjølvlysande maneten "Periphylla periphylla", som på verdsbasis er heller sjeldan. Det vert sagt at lyset frå maneten er sterkt nok til at ein kan lesa avisa. Er det nokon som har prøvd og kan stadfeste det?

Haneskjell, og ein spesiell sildestamme, er andre sjeldne marine organismer i dette området.

Kanskje dette er ein stad du kan leggje søndagsturen ein vakker haustdag?

Kjelde : Boka "Leia langs Norskekysten" av Anders Bjarne Fossen, Bodoni Forlag 2007.

13/10/2008

Bildet : Ved Lindåsosane hausten 2008

Nordhordland Turlag

Du finn informasjon frå turlaget ved å klikke på logoen.

Nordhordland Bibelsenter Alvermarka 39, 5911 Alversund
___________________________

Tlf: 902 20 938
E-post: post@bibelsenter.no
___________________________

Konto nr.:
6529 05 14767
Konto nr. misjon: 6529 05 14791