På museum

Strilamuseet på Seim
Strilamuseet held til i det gamle meieribygget på Seim. Her er det ulike utstillingar, med gamle gjenstandar som enten er eigd av Lindås sogelag, eller er i privat eige.
Ved separatoren
Ved separatoren
Kjøkkenhyllene
Kjøkkenhyllene
Kjøkkenbordet
Kjøkkenbordet
Hjelpemidlar
Hjelpemidlar
Mjølkeutstyr
Mjølkeutstyr
Robåt
Robåt
Tunne
Tunne
Fiskeutstyr
Fiskeutstyr
Mølstertunet på Voss
Mølstertunet er eit gamalt rekkjetun på Voss, med i alt 16 bygningar. Her budde det to familiar fram til 1927, og kvar familie hadde sine stovehus, eldhus, loft, buer, fjøs, løer og vedhus. Det eine av bruka hadde i tillegg ei kårestove. Alle husa på Mølstertunet står der dei opphaveleg stod. På det meste budde det omlag 30 menneske på tunet. Bileta våre viser ein del av bygningane på gardstunet, og eitt par bilete inne frå husa, blant anna ei årestove frå 1500-talet. Les meir om Mølstertunet på http://www.hardangerogvossmuseum.no/voss-folkemuseum/norsk/tuna-vaare/moelstertunet.aspx
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Skredhaugen på Lofthus
Skredhaugen er ei samling gamle hus frå ulike gardar ved Sørfjorden i Hardanger, og i desse er det samla gamalt innbu, reiskapar, bruksting og prydting. Det var kunstnaren Bernhard Greve (1886-1962) som bygde opp tunet og museet, etter at han kjøpte Skredhaugen i 1918. Jon Bleie (1904-1981) si samling av norsk kunst og kunstlitteratur, som han gav til Ullensvang herad, kan ein også sjå i museet på Skredhaugen. På bileta ser ein tunet og husa på Skredhaugen, og ei hesje som er sett opp slik dei gjorde det i tidlegare tider. Meir informasjon finn du her : http://www.hardangerogvossmuseum.no/hardanger-folkemuseum/norsk/skredhaugen.aspx
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Nordhordland Bibelsenter Alvermarka 39, 5911 Alversund
___________________________

Tlf: 902 20 938
E-post: post@bibelsenter.no
___________________________

Konto nr.:
6529 05 14767
Konto nr. misjon: 6529 05 14791