Lokalhistorie
På denne sida finn du artiklar med lokalhistorisk stoff. Om du vil kommentera ein eller fleire av artiklane, kan du gjera det ved å bruke kommentarfeltet nedst på sida.
KYRKJA PÅ MYKING
Høgt og fritt på Myking står den vakre Myking kyrkje, bygd av stein for 150 år sidan. Då eg var gut reiste me med motorbåt frå Hindenes til Myking, og før mi tid kom kyrkjefolket roande eller seglande til kyrkja. Frå andre bygder kom dei til fots eller med hest og kjerre. På kyrkjebakken fretta dei nytt gjennom kunngjeringane som vart lest opp der, eller frå grannane som dei møtte.

 Folket på Hindenes og Åsgard høyrde til Myking sokn heilt fram til tidleg på 1990-talet, då grendene vart overflytta til Ostereidet sokn. Dette vart meir naturleg etter at bygdene hadde fått vegutløysing i 1979. Attende på 1950-talet høyrde også Stranda-folket til Myking, og folk kom roande eller seglande til kyrkja frå dei små grendene ved Hindenesfjorden, og frå gardane i Austfjorden. Det kunne vera både strevsamt og til tider vågalt, når austavinden eller nordavinden bles.

Tidlegare var det sjøen som batt bygdefolket saman, og Hindenesfjorden var sikkert eit flott syn når alle båtane stemde fram mot Myking. Hit kom også foreldra mine ein sommardag i 1951, då dei gifta seg i denne kyrkja. Bryllaupsgjestane kom med ei skøyte dei hadde leigd. Og som gut var eg sjølv med når me drog sjøvegen til kyrkja. Frå Mykinghedlo gjekk me så til fots det siste stykket opp frå sjøen, til me var framme i kyrkja.

Den kyrkja som no står på Myking er ei kvitkalka gråsteinskyrkje, vigsla i 1861. Frå ulike kjelder veit me at det har vore kyrkje på Myking lenge før dette. Den fyrste kyrkja er omtala allereie på 1300-talet. Dette var truleg ei stavkyrkje, kan hende frå 1200-talet. I 1606 vart det så reist ei ny kyrkje, av tre, ikkje så langt frå den gamle. Etter kvart vart denne kyrkja for lita.

Då den nye kyrkja skulle byggjast, vart det fyrst bestemt at også denne skulle byggjast i tre. Men så ville folket ha ei steinkyrkje i staden, og slik vart det. Berre tårnet vart bygt i tre. Preikestolen er frå 1600-tals-kyrkja, og det er elles mykje spanande historie knytt til kyrkja, inventaret, prestane og kyrkjelyden. For eksempel måtte kvinner og menn før i tida sitja på kvar si sida i kyrkja, og dei ulike gardane hadde også sine faste plassar. Denne ordninga hadde dei framleis då dagens kyrkje vart tatt i bruk.

Om dette og mykje anna kan ein lesa i boka som kom ut ved 100-års-markeringa, og eit nytt jubileumsskrift vil koma til 150-års-jubileet no i haust. Kyrkja har no vorte pussa opp både innvendig og utvendig, og syner seg meir staseleg enn nokon gong. Dermed er dette vakre gudshuset klart til å ta imot nye generasjonar, og det er å vona at dei vil bruka kyrkja, og at dei der vil få høyra Guds ord forkynt klårt og reint, i Andens kraft, til frelse og evig liv.

Bilete : Sokneprest Harald Sundsbø på veg frå Mykinghedlo og opp til kyrkja på Myking, 2.pinsedag 2011.

20/06/11/Kåre Hindenes

TEGLVERKET PÅ HJELMÅS



Bygda Hjelmås ved Osterfjorden er ei levande bygd med eit rikt kulturliv. På kaien er det framleis nærbutikk, ja faktisk er Hjelmås Handelslag godt over 100 år gamalt! Om sommaren er plassen også ein samlingsstad for båtfolk og badegjestar. I vår korte artikkel vil vi fokusera på industristaden Hjelmås. I litt over femti år var det nemleg teglsteinsverk på Hjelmås.


 Det var Berent Grønning som i 1850 sikra seg retten til å ta ut leir på garden Hjelmås, og frå 1852 var storindustrien Hjelmås Teglsteinsverk i gang. Plassen der dei grov ut leire vart heitande Grovi, eller Grovæ, og dette er den staden der handelslaget er i dag.


Det at det kom industri på Hjelmås gjorde nok mykje til at det etter kvart kom både handel, postopneri, dampskipskai og meieri i bygda.


Den fyrste kasseovnen som dei nytta i teglsteinsbrenninga var i bruk i 20 år. Etter det kom det ein meir moderne ovn som sette fart i produksjonen, og på det meste vart det produsert 3 millionar murstein for året! I tillegg vart det produsert takstein og brent kalk ved verket. Kalksteinen kom frå gruvene på Moster.


Ved teglverket arbeida det om lag 50 personar. Peter Angell Giertsen overtok teglverket i 1877. Frå 1880 minka det på leiren på Hjelmås, og dei henta leir frå Stamnes i staden. Leiren vart ført til Hjelmås med seglskuter, og seinare på prammer med slepebåt (steambåt).Vanskar med leirdrifta på Stamnes gjorde at teglverket måtte leggja ned etter litt over femti års drift, i 1903. Eit industrieventyr ved Osterfjorden var slutt.



Hovudkjelde : Boka "Nordhordland - vegen vidare", Nordhordland forlag 1993.(Biletet er frå Hjelmås)

 Eg har skrive 21 små artiklar om livet på bondegarden, slik det kunne arta seg her i Nordhordland for 50-100 år sidan. Artiklane er tenkt mellom anna som ein ressurs for lærarar og skuleelevar. Artiklane kan du lesa på ei eiga side som du finn her.

Biletet er frå Strilamuseet på Seim.

Kåre Hindenes

*

ALVERSUND OG ALVERSTRAUMEN



Ein gong var sjøen den viktigaste ferdselsvegen for folket, og bygdene Alversund og Alverstraumen låg sentralt til i farleia langs Norskekysten. Bygdene har rike tradisjonar og mykje spanande historie. I denne korte artikkelen kan vi berre gjeva deg små glimt av dette.


Eit knutepunkt


Alversund og Alverstraumen var ein gong viktige knutepunkt for dei som ferdast langs kysten. Her var det kyrkje, skule, postkontor, telegrafstasjon, bank, dampskipskai, meieri, bakeri, landhandel, industri, gjestgjevarstad, og seinare hotell. Alversundbrua var ferdig i 1958 og knytte dei to bygdene saman.


Gamal kyrkjestad

Alversundkyrkja.jpgKyrkja i Alversund er fyrste gong nemnd i skriftlege kjelder i 1329. Dette var truleg ei stavkyrkje, som 300 år seinare vart erstatta av ei ny tømmerkyrkje. Dagens trekyrkje vart reist 150 år etter det, i 1879, og litt søraust for den gamle kyrkja.

Gjestgjevarstaden i Alverstraumen

Alver Hotel er vel kjent for oss alle. Hotellet vart etablert i 1959, på garden der forfattaren Amalie Alver Skram oppheldt seg mykje i sin barndom. Men også i tidlegare tider har det vore gjestgjevarstad og hotell i dette området. Gjestgjevarstaden i Alverstraumen er nemnd i skriftlege kjelder frå 1660, men den er truleg mykje eldre enn det. Rundt 1870 vart dette til eit hotell, med bakeri og landhandel. I 1920 brann bygningane ned, og hotelleigar Hans Lura selde eigedommen til Christian Bjelland, som bygde ein hermetikkfabrikk her i staden.

Industriverksemder

Det har elles vore ulike fabrikkar og industriverksemder i Alversund og Alverstraumen. Frå ut på 1870-talet finn me såleis Hans W. Tvedts, seinare Wilhelm Tvedts, lærfabrikk i Alversund, og L. og K. Sellevolds lærfabrikk i Alverstraumen. Dette var ein typisk industri i dette området på den tida, som auka i omfang på 1900-talet. Glanstida var fram til 1940, då krigen braut ut. På strekninga frå Isdalstø til Nappane var det ei tid heile 19 garveri!

Kjeksfabrikk

Det fanst også andre typar industriverksemd i desse bygdene, som for eksempel Olaf Storheims salteri i Alverstraumen. Men ei verksemd fekk ein særleg posisjon. Det var Marie Müllers kjeksfabrikk. Marie var dotter til den kjende industrigründaren Georg Carl Christian Wedel Prahl (1798-1883), som i 1859 sa farvel til bylivet og kjøpte eit gardsbruk på Alver.

Marie Prahl (1836-1912), seinare gift Müller, byrja med kake- og kjeksproduksjon, og skapte ei levedyktig verksemd på familieeigedommen i Alver. Marie Müllers kjeks vart velkjende over heile landet, og ho mottok fleire medaljar og utmerkingar.

Hovudkjelde : Leia langs Norskekysten av Anders Bjarne Fossen. Bodoni forlag 2007.

08/11/2008/Kåre

STEINLØENE I HODNESDAL

I Hodnesdal i Lindås står det to imponerande steinløer og vitnar om gamal byggeskikk i Nordhordland. Den eine av desse løene er truleg den største steinbygningen i vårt område. Arbeidet som har vorte gjort for å ta vare på desse eineståande bygningane, vart denne veka løna med Arild Hålands vernepris.

Steinbygningar er ikkje noko uvanleg syn i Nordhordland, sidan dette har vore ein vanleg byggemåte i dette området. Dei to steinløene i Hodnesdal må likevel seiast å vera spesielle, både på grunn av storleiken, og etter som dei er så godt tatt vare på. Det er Hildegunn Vatshelle Hillestad som bur på garden i dag, og saman med faren, Peder Vatshelle, mottok ho denne veka Arild Hålands vernepris på 50.000 kroner. Det er Hildegunn sin bror, Helge Vatshelle, som har gjort mykje av vedlikehaldsarbeidet på løene.

Den eldste steinløa er frå 1831, og vart bygd av Johannes Gullaksson Hodnesdal. Den største løa er frå 1920-talet, og vart bygd av Peder Johannesson Hodnesdal, Hildegunn sin oldefar, og dei fire sønene hans. Denne løa er over 9 meter brei innvendig, og 20-25 meter lang. Løa er framleis i bruk.

For alle som har interesse for gamal steinarkitektur vil vi tilrå ein tur til Hodnesdal for å sjå dei flotte steinløene. Bileta tok eg i 2004.

Kjelde : Strilen

ScannedImage.jpg ScannedImage-2.jpg Bileta : Den eldste løa(over) er frå 1831, medan den største løa(til venstre) er frå 1920-talet.


28/08/10/Kåre Hindenes

"STRILANE" I NORDHORDLAND

Mellom havet vest for Fedje, og vill fjellnatur inst i Masfjorden, ligg eit vakkert øy- og fjordrike, det vi kallar Nordhordland. Her har "strilen" levd og livberga seg, sjølv om det ofte var i fattige kår, og her har han sett spor etter seg og skapt eit vakkert kulturlandskap.

Kipe1.jpgFiskarbonden

Heilt fram til 1950-talet var dei aller fleste strilar fiskarbønder. Slik hadde det vore i århundrer, og lite hadde forandra seg. Dei levde av det dei dyrka på åkrane, og av husdyra. I tillegg vart det dei fiska i fjorden både ei inntektskjelde og naudsynt mat på middagsbordet. Middagen var for det meste "sidl og pote", og maten elles kom frå kornet og potetene som dei dyrka. Mykje av kjøtet vart selt, det same vart den beste fisken.

I ei vise frå garden Fjellsende i Lindås kring 1830 vert strilen sitt kosthald og levevis skildra på denne måten :

Og når jeg jorden dyrket har, jeg ror på sjøen ut, mitt fiskestell i båten tar og har det håp til Gud, at han meg giver sild og fisk til min nødtørftighet, den setter jeg på bord og disk, så spiser jeg med fred.

Jeg spiser suppe, melk og grøt, poteter, sild og fisk, ei ost og kjøt, ei flesk og brød, dog er jeg sund og frisk.

Nokre av bøndene var også handverkarar, og laga ting som dei selde i Bergen. Ein del var tømrarar og dugande husbyggjarar. Kvar gong det var storbrann i Bergen, var strilane med og bygde opp att byen.

At strilane lenge levde i fattige kår er kjent, og mange valde også å utvandre til Amerika, frå siste del av 1800-talet og langt inn på 1900-talet.

Strilen og bymannen

 Folket var avhengig av byen, dit dei reiste for å få selja varene sine. Og byfolket var avhengig av dei varene som strilane hadde å by fram. Men i Bergen vart strilane sett ned på og mobba. Det vart ropa hånsord etter dei på gata. Strilane skilde seg ut frå byfolket med sin spesielle dialekt, sine vadmelsklede og sin væremåte.

Etter kvart kom mange frå byen på ferie til "Strilelandet", og fekk bu hjå fiskarbøndene, som gjerne flytta på " lemmen" for at byfolket skulle få dei finaste romma. Slik kunne fattige bønder og husmenn få ei lita ekstrainntekt, mens byfolket fekk eit kjærkoment avbrekk frå bylivet.

Dar kjem dampen

Heilt fram til 1866 fanst det ingen båtruter mellom Bergen og Nordhordland. Dei som skulle til byen måtte ro eller segla med eigen båt, ei reise som kunne ta mange timar, ja, ein heil dag. Det vart derfor stor forandring då dampbåtane kom. I 100 år var dei mykje av livsnerven i bygdene. Dei frakta post, varer, husdyr og folk til og frå byen. I 1965 var det slutt for godt, då D/S Alversund som den siste dampbåten vart tatt ut av ruta. Bilar, bussar og ferjer hadde tatt over rutetrafikken.

Arbeidarbønder

Det vaks fram ulike typar industri i Nordhordland, og mange av fiskarbøndene vart arbeidarbønder istaden. Dei arbeida i industrien og dreiv garden attåt. Av viktig industri i Nordhordland kan vi nemna mølledrift, garveri, hermetikkfabrikkar, sagbruk og møbelfabrikkar. Mykje av den gamle industrien er borte. Nokre verksemder held ut. I Hillesvåg ved Hjelmås er den over 100 år gamle ullvarefabrikken stadig i full drift.

Eit gløymt kapittel i soga ?

Utviklinga har gått fort, og talet på bønder minkar i Nordhordland som ellers i landet. Fiskarbonden er borte, det same er fattigdommen som så lenge hindra framgang og utvikling. Reisetida til Bergen er korta ned frå 1 dag til 1 time.

Er strilekulturen snart eit gløymt kapittel i soga? Den karakteristiske striladialekten er i ferd med å forsvinna. Dei gamle tradisjonane også, med ulike skikkar, matrettar, handarbeid og handverk. Ungdommar som veks opp idag veit meir om engelsk fotball og filmstjerner frå Hollywood enn dei veit om fedrane sitt slit som fattige fiskarbønder. Er det noko vi kan gjera for at ikkje det beste i strilekulturen skal forsvinna? At vi ikkje skal mista kontakten med våre eigne røter?

Bileta : Kipa og robåten var begge viktige for strilen. Robåten er frå Strilamuseet på Seim.

04/07/09/Kåre Hindenes

*

KNARVIK - FRÅ UTMARK TIL SMÅBY

Eg ser på eit gamalt fotografi frå Knarvik, slik det såg ut tidleg på 1960-talet. På biletet er det ein ferjekai og 2 bustadhus, det er alt. På 50 år har Knarvik utvikla seg frå å vera ei utmark utan busetnad, til å verta ein liten småby.

Utmark

Knarvik 60talet.jpgKnarvik var ikkje eit eige gardsnamn, men eit utmarksområde som høyrde til garden Gjervik. I gamal tid skal det ha vore mykje furuskog her, og av denne skogen bygde dei havgåande båtar, kalla "knarr". Tømmeret til Hamrekyrkja skal også ha kome frå Knarvik.

Seinare gjekk kyrne og beita i Knarvik. Ved Kvassnesstemma stod det eit torvhus og to kvernhus, og det var også kvernhus i Kvernhusmyrane og på Kvernhushaugane. Restar av dette siste kvernhuset vart planert vekk under arbeid med Knarvik senter. Det stod like nord for der Misjonshuset står idag.

Knarvik var også ei fin badefjøra med sandstrand. Så på fine sommardagar kunne det vera eit yrande liv der. Folk kom dit med båtar langvegs frå. Der koka dei kaffi og kosa seg ilag, heile familiar.

Det var ei synfaring i Knarvik i 1959. Dei skulle sjå etter tomt til ny sjukeheim. Då var det at lensmann Eikanger sa til fylkesmannen, at "no må dette området regulerast, for mange spør etter tomtar." Det er såleis dei siste 50 åra at det Knarvik vi kjenner idag har vorte til.

Trafikksenter

Då ferja byrja å gå til og frå Knarvik i 1956, hadde det vore dampskipsruter til og frå Nordhordland i 90 år, og ferjesamband frå Isdalstø i 20 år. 10 år seinare var det definitivt slutt på dampbåttrafikken. Bilane og ferjene hadde tatt over. Og frå 1979 kom det også snøggbåtrute mellom Knarvik og Bergen.

I 1982 vart Meland kommune knytt til fastlandet med bruer. Dermed auka biltrafikken på ferjesambandet Knarvik-Steinestø endå meir, i og med at trafikken som tidlegare hadde gått over Frekhaug-Salhus no kom denne vegen.

Ferjesambandet Knarvik-Steinestø vart det mest trafikkerte i heile Noreg, fram til Nordhordlandsbrua kom i 1994.

Lagsarbeid

Både Indremisjonen og Pinsevenene har hatt mykje arbeid i Knarvik og bygdene rundt. Pinsevenene reiste sitt eige bedehus på Knarvikhøgda i 1980, og bedehuset "Betel" på Gjervik (frå 1947) vart då flytta og bygt saman med det nye "Betania". Indremisjonsvenene fekk sitt nye misjonshus i 1987. Huset vert også nytta til kyrkje, men ny kyrkje er på planleggingsstadiet.

Ellers er det mykje godt arbeid i mange lag, og særleg idrettslaga har eit stort arbeid. Nordhordlandshallen og idrettsanlegga rundt er midtpunktet for denne aktiviteten. Kvart år samlar mosjonsløpet "Knarvikmila" tusenvis av deltakarar.

Skule- og handelssenter

Gamleskulen.jpgGamle Gjervik/Isdal skule, bygt i 1892-93, låg i utmarka midt mellom Nepstad og Åse. Vegen var så vanskeleg at dei enkelte plassar ikkje kunne gå med husdyra eingong. Det seier seg sjølv at det vart mykje fråvær. I 1948 vart skulen delt, med skule i bedehuset Betel på Gjervik, og i ein kjellar på Annahaugen i Isdalstø. I 14 år var det slik, til Isdal/Gjervik skule stod ferdig i Knarvik i 1962, det som idag er Knarvik barneskule. Då skulen vart opna i Knarvik var det framleis ikkje kome veg til Gjervik!

Knarvik Handel opna i 1965, og Nordhordland Yrkesskule kom same året. Men framleis var det få menneske som budde i Knarvik. Fyrst på 1970-talet byrja det å verta fart i utbygginga.

Idag er Knarvik ein liten småby, eit skulesenter, handelssenter og regionsenter for heile Nordhordland, og kommunesenter i Lindås. Dagleg passerar tusenvis av bilar og reisande denne staden, på veg til og frå skule, arbeid eller andre sysler.

Kjelde : Det store tidsskiljet, Nordhordland Forlag 1989 (Artiklar av Knut Mjøs og Leidulv Hundvin.) Teikning av Knut Mjøs : Gamleskulen oppunder "Stigane". Foto : Knarvik tidleg på 1960-talet, frå Lindås kommune sitt arkiv.

22/06/09/Kåre Hindenes

STØLSDRIFT I KALVEDALEN

For ei tid sidan fekk eg sjå eit 100 år gamalt fotografi frå setra i Kalvedalen. Mi bestemor på morssida, som kom frå Sævrås, var med på biletet. Ho var 20 år gamal då biletet vart tatt. Eg fekk lyst til å skriva nokre linjer om Kalvedalen, og om stølsdrifta som var der gjennom mange generasjonar.

Kalvedalen.jpgKalvedalen ligg vakkert til i sørenden av Storevatnet, på kommunegrensa mellom Lindås og Masfjorden. For å koma dit kan ein gå frå Stussdal i Lindås. Eller frå Andvik i Masfjorden, som er ein noko lengre tur. Dersom ein vil gå heile turen frå Andvik til Stussdal, er dette ein sju timars tur.

Mitt fyrste møte med Kalvedalen var i 1965. Då var eg med på ein skuletur til denne fjellheimen, saman med læraren vår, Johan Åsgard, og 4 andre skulegutar frå Hindenes skule. Me budde i ei lita hytte ved Storavatnet, og rodde inn i Kalvedalen, der me fekk kjøpa mjølk hjå budeia, Mosse Hodneland. På denne tida var det framleis stølsdrift i Kalvedalen, men det tok slutt i 1970. Eg var 10 år gamal då eg fekk vera med på denne turen, og det vart eit minne for livet (sjå bileta).

Det var i 1840 at ei gruppe bønder frå Sævrås, Hodneland og Hodnekvam bygsla seter i Kalvedalen. I 1906 kjøpte dei setra. I Kalvedalen kunne det vera tre, men som oftast to budeier om sommaren, frå juli til september.

Kalvedalen 1.jpgKyrne vart frakta med skøyte over fjorden til Nord-Kvingo i Masfjorden. Derifrå var det ein tur på 6-9 timar før folk og dyr var framme i Kalvedalen. På setra arbeida budeia frå tidleg morgon til seine kvelden. Det var mykje slit og tungt arbeid. Det kunne vera langt å gå til stølen, dit kyrne var, og mjølka måtte dei bera i ei ryggbøtte heile vegen attende til setra. Så skulle mjølka separerast, ein skulle kinna smør og laga ost og prim. Det var ein lang prosess og eit tidkrevande arbeid.

Laurdagen kom nokon frå bygda til setra for å hente produkta heim. Alf M. Hodneland fortel : "Eg har bore mange bører til og frå setra. Det var trebøtter med ryggfatlar me brukte. I dei hadde me myse eller surmjølk, og på toppen av dei bar me gjerne ein smørambar. Så du var skjelven i knea når du kom ned til sjøen. Nokre gongar var det morosamt og, når me var unge og var oppe og fiska. Då fekk me rømmekolle hjå budeiene. Men det var mykje slit."

Idag har turlaget ei hytte i Kalvedalen. For deg som vil oppleva den vakre fjellheimen i Masfjordfjella - eller Austefjella som me sa heime - så vil eg verkeleg tilrå ein tur til dette fjellområdet. Så kan du også få sjå og oppleva dei gamle stølane, som mange idag veit lite om.

Sommaren 1999 var det omlag 12000 sauer som beita i Masfjordfjella, og fjellheimen er framleis viktig for mange bønder.

Kjelder : Sidl og pote, Arne Lie Christensen. Mimra, sogeskrift for Lindås 2005, artikkel av Gisle Hodneland. (Om du vil vita meir om stølsdrifta og budeia sitt arbeid på setra, bør du lesa artikkelen i Mimra!) Fotturar i Masfjordfjella, Kenneth Ø. Monsen. Eigne opplevingar.

19/03/09/Kåre Hindenes

MØBELFABRIKKEN PÅ ÅSGARD

I den vesle bygda Åsgard i Lindås, med berre 2 gardsbruk, var det for nokre tiår sidan ein møbelfabrikk med plass til 45 arbeidarar. Endå meir utruleg vert det heile når me veit at dette den gongen var ei veglaus grend. Her skal me fortelja litt om soga bak det store industrieventyret på Åsgard.

Ã…sgard.jpgDei to brørne Lars og Olav Aasgard frå Åsgard starta møbelproduksjon i skytja heime, i 1928. Dei var då i 18-20-årsalderen. Utstyr som dreiebenk, sirkelsag og høvlemaskin bygde dei sjølve, av tre, og gutane sin far kjøpte inn motor og beslag til maskinene. Karane hadde også ein eigen startkapital på 200 kroner. Dei fyrste møblane dei laga var barnesenger, kjøkkenkrakkar og nattbord, alt i trekvit furu.


Etter eit par år i skytja, vart det bygd ei ekstra høgd på naustet, og verksemda vart flytta dit. Ei ny kombinasjonsmaskin vart også kjøpt inn. Den vog over 1 tonn og kosta 1485 kroner. Avrettar, tjukkelseshøvel, sirkelsag, bor og fres vart alt drive av den same motoren. Den tida verksemda held til i naustet, vart det i tillegg til møblar produsert dørar og glaskarmar. Dei var no 6-7 mann som arbeidde ved trevarefabrikken. Arbeidsdagen kunne vara frå 10 til 14 timar, alt etter kor mykje arbeid dei hadde.


Det meste som vart produsert vart seld til Bergen. I ei veglaus grend som Åsgard kunne det ofte vera vanskeleg å transportera møblane til byen. Varene vart enten frakta til Bergen med eigen båt, med leigd fiskeskøyte, eller dei vart sende med rutebåten. Men transportetappen til rutebåten kunne også vera tøff. Stundom var det slede som måtte nyttast, når fjorden var islagd, eller ein måtte bera møblane på ryggen gjennom marka til Hindenes.


I 1933 vart det reist eit lagerbygg ved sida av naustet, og verkstadsarealet oppe mest dobla. Lars og Olav sin bror, Ivar, bygde båtar i naustet. Over 20 færingar vart sjøsette.


I 1935 vart ein ny og større fabrikk bygd på Gaut-Ola-Neset på Åsgard. Bygningen var på 7,5x20 meter, og i 2 høgder, og vart utvida endå meir i 1941. Her var det plass til 30 arbeidarar, og dei laga matstovemøblar og soveromsmøblar. Nokre av dei som hadde vore med i naustet, valde å byggja ein eigen møbelfabrikk i Tveitestø, på andre sida av fjorden. Ein bror av Lars og Olav, Mons, var med og reiste denne nye verksemda, som fekk namnet Viken Møbelfabrikk. På Åsgard tok dei namnet Aasgard Møbelfabrikk. For å transportera materialer og møblar fekk dei laga ei kabelferje over Vågane. (I 1963 kom det ei kabelferje som også kunne ta nokre bilar med seg over fjorden, så det var eit stort framsteg.)


I 1950 brann Aasgard Møbelfabrikk ned, men ein ny og større fabrikk vart reist same året. Denne bygningen var på 25x25 meter, og dei hadde plass til 45 arbeidarar. 7.august 1969 brann fabrikken ned for andre gong, og verdiar for 2 millionar kroner gjekk tapt. Etter dette vart fabrikken flytta til Fammestad, medan det på Åsgard vart sett opp eit lagerbygg i staden.


Kring 1980 var dette industrieventyret over for godt, og møbelfabrikkane Aasgard og Viken måtte leggja ned verksemdene. I dag har det kome veg til Åsgard, men møbelfabrikken er altså borte.


26/12/2008/Kåre

Kjelde : Mimra, sogeskrift for Lindås 2005, Lindås Sogelag, Asbjørn Åsgard ; og eigne notater.

Foto : Åsgard, med møbelfabrikken, på 1940-talet.



MØLLA I BJØRSVIK

Bygda Bjørsvik ved Osterfjorden var ein gong ei travel industribygd. Her var det mølledrift frå 1850-åra og heilt fram til siste krigen, og deretter hermetikkfabrikk i mest 40 år. Her vil vi fortelja kort om mølledrifta.

Bjørsvik.jpgEin forretningsmann frå Bergen, konsul Fredrik Ludvig Konow (1812-1900), kjøpte bygningane og vassrettane i Bjørsvik i 1861. Seinare utvida han drifta og bygde ny kornmølle. I 1866 jobba det 12 personar på mølla, og dei produserte 19000 tønner i året.


I 1873 brann møllene i Bjørsvik ned, men ei ny og større mølle stod ferdig to år etter. I 1879 kjøpte Christian Irgens (1833-1915) mølla. Det vart reist ein ny møllebygning, rugmølla. Den stod ferdig som ei moderne handelsmølle i 1884. Året etter er produksjonen komen opp i 70000 tønner.


I 1900 stod den nye byggmølla ferdig, ein svær 6-etasjes trebygning. Talet på arbeidarar har no kome opp i 40, og det bur i alt 167 personar i Bjørsvik.


Irgens dreiv også Bjørsvigs melforretning i Bergen. Etter kvart overtok sønene firmaet, og i C.Sundtsgate vart det i 1906 reist eit stort forretningsbygg på 600 kvadratmeter. Firmaet hadde 4 skuter som lasta 2000 sekker kvar.


Konsesjonen i Bjørsvik vart overtatt av staten i 1937, og to år etter er det slutt på produksjonen. På slutten var det om lag 18 arbeidarar att ved mølla i Bjørsvik.


Bilete : Bjørsvik fotografert i 1997.

Kjelde : Boka "Fabrikken og garden" av Arne Lie Christiansen, Universitetsforlaget 1980.

HÅØY

Sentralt plassert i skipsleia inn til Bergen, ligg Håøy. Håøytoppen er nemnd i Kong Sverres saga. Kong Magnus Erlingson hadde vardevakt her, som skulle varsla om fiendar som kom frå nord. Dersom varden på Håøytoppen vart tend, skulle varden på Askøyfjellet tennast, og slik ville folk i Bergen verta varsla om krigsfaren.

Soga fortel at kong Sverre Sigurdson sine menn i 1183 greidde å overmanna vardevakta. Birkebeinarane rodde så i landskuggen inn til Bergen. Dette skal ha vore opptakten til slaget på Jonsvollane.

Gardsdrift

 Folka som budde på Håøy, dyrka jorda og dreiv fiske. I 1590 er dette ein eigen gard, eigd av kongen og underlagt slottet i Bergen. På 1600-talet er Håøy ein del av garden Flatøy. Frå 1662 vert garden privateigd, og eigaren den gongen var slottsskrivar Hans Hansen Lillenskiold. Ei tid var det 3 bruk på sørsida av Håøy. Enno finst det restar av noko av dette, mellom anna steinnaustet med båtopphal, og ruinar etter ei husmannsløe og ei uteløe.

Militær aktivitet

I 1898 var det plassert fleire kanonar på Håøytoppen, og den militære aktiviteten auka utover på 1900-talet. På toppen heldt Artilleri-avdelinga til, med kanonar, luftvernskyts og lyskastarar. Dei skulle halda oppsyn med skipsleia. Nede ved kaiområdet og på sletta var Mineavdelinga. Dei skulle vakta Håøysundet. På Stølane heldt Infanteriavdelinga til, for å hindra ein eventuell fiende å koma seg i land. I berget kan ein finna innskrift med namnet på nokre militærkompani frå 1915. Under 1. verdskrig vart den militære aktiviteten auka, og mange norske soldatar var på vakt her.

2. verdskrig

Under 2. verdskrig overtok tyskarane forsvarsanlegga på Håøy. Dei hadde 30-40 mann på Håøytoppen, og ein god del folk på mineavdelinga. Håøysundet var stengd av miner. No er Håøy eit populært friluftsområde, disponert av Bergen og omland friluftsråd. Her er fine stiar, badeplassar, båtfeste og teltplassar.

Bildet : Håøy

01/12/08/Kåre

Nordhordland Bibelsenter Alvermarka 39, 5911 Alversund
___________________________

Tlf: 902 20 938
E-post: post@bibelsenter.no
___________________________

Konto nr.:
6529 05 14767
Konto nr. misjon: 6529 05 14791