Kultur
GLIMT FRÅ KULTURLIVET I NORDHORDLAND
Artikkelserie av Kåre Hindenes
Del 9 : Karl Øvretveit

Karl Øvretveit ( 1891-1984) kom frå Tveito (Tveitegrend) i Lindås. Han var lærar og forfattar, men er i heimkommunen meir kjend som skaparen av Roparshaugsamlinga, ei samling bruksting og klede frå 17- og 1800-talet.

 Det var i 1957 at Karl Øvretveit kjøpte barndomsheimen og flytta den til Roparshaugen. Huset er eit typisk bustadhus frå Nordhordland. Småstova mot vest er eldst, om lag 300 år gamal. Etter utskiftinga i 1885 vart denne stova flytta og påbygd med ei større stove, med grua og kjøkken mellom dei. Då Karl flytta huset vart det restaurert, for at det skulle verta så likt det opphavlege som mogeleg.

Roparshaugsamlinga inneheld ikring 500 ulike fornminne, som bruksgjenstandar og verkty. Mange av tinga har vore brukt av Karl sine foreldre, noko er kjøpt på auksjonar, og ein heil del er gåver frå folk i Nordhordland. Karl skreiv ned det han visste om dei ulike tinga, kven eigaren hadde vore, eller særlege hendingar knytt til den enkelte ting.

Karl vaks opp i ein heim med eit levande folkemusikkmiljø, og faren Knut var felemakar. I perioden 1890-1920 var han den som laga flest feler på Vestlandet. Til saman laga han om lag 400 feler. Folkemusikktradisjonane hadde lenge vore levande i Karl si farsætt. Mellom anna var farfaren, Nils Mjåtveit, ein dugande spelemann. Også denne kultursoga kan ein sjå litt att av i Roparshaugsamlinga.

Andre ting som ein kan finna i samlinga er fest- og kvardagsklede frå Nordhordland, til saman om lag 30 plagg. Mykje av dette er samla av Karl sin bror, skodespelaren Johan Øvretveit. Også ein del gamle bøker finst i samlinga.

Karl Øvretveit var ein produktiv forfattar. Alt i gutedagane skreiv han dikt og forteljingar i Norsk Barneblad, og han gav ut si fyrste diktsamling : "Ei liti bjølla". Han skreiv også skodespel, høyrespel for skulekringkastinga og barne- og ungdomsbøker.

 Her er eit oversyn over noko av det han skreiv : "Ei samanlikning millom eit bygdemaal i Ryfylke og landsmaal og riksmaal" (1926); "Norrønafolket" (1933); "Nybrot" - spel i tri akter (1941); "Dulde vegar" (1942); "Fridom" - skodespel i 4 akter (1943); "Der leiti blånar" (1952); "Nattfriarane" - komedie i 3 akter (1958); "Tistlar" - dikt (1959); "Villros" (med Jostein Øvrelid, 1970); "Futt og fart i flokken" (1973); "Bivrost" - dikt (1973); "Frode" (1976); "Grodalsguten" (1977); "Blomar som talar" - dikt (1978).

Karl Øvretveit hadde eit føremål med det han samla på Roparshaugen : At komande ætter skulle få sjå reiskapane som forfedrane hadde brukt, og læra om korleis dei gjorde seg nytte av sjølvlaga ting. Skal denne visjonen verta røyndom, må Roparshaugsamlinga verta meir kjend og nytta enn det den er i dag. Det er å vona at Lindås kommune, som forvaltar samlinga, kan finna midlar og måtar til å visa den fram for nye generasjonar av nordhordlendingar.

Hovudkjelde : "Mimra, sogeskrift for Lindås 2011", Lindås sogelag, redaktør Asbjørn Åsgard, artikkel av Sigrun Øvretveit. Biletet av Karl Øvretveit er også frå artikkelen i "Mimra".

07/11/2011
Del 8 : Ivar Medaas
Ivar Medaas (1938-2005) frå Alversund var både visesongar, komponist, musikar og revyartist. Meir enn nokon andre gjorde han strilekulturen og strilemålet kjend i landet vårt.

 Allereie som gut drøymde Ivar om å spela hardingfele, og då han var i 13-års-alderen fekk han låna seg ei fele hjå ein mann i Isdal. Det var spelemannen Arne Bjørndal som skaffa han den fyrste gode fela, og han gjekk også på kurs hjå Bjørndal. Menn som Finn Vabø og John Rosenlid fekk endå meir innverknad på Ivar si speleutvikling. Som 17-åring deltok han på sin fyrste landskappleik på Voss, og fekk andrepremie. Seinare tok han fyrstepremie i ein kappleik på Otta, og i ein alder av vel 20 år vart han rekna blant dei beste spelemennene i landet. Andre instrument som Ivar spela var klarinett, gitar og munnspel, men det var på hardingfela han var best.

Ivar var også glad i å syngja, og song viser saman med Ellen Fredriksen frå Bergen. Dei kalla seg Vestlandsduoen, og det kom ut nokre plater med dei tidleg på 1960-talet. Han spela også i eit danseband som kalla seg Trio Intim. I 1962 vart Ivar gift med Kari Lothe frå Oslo, og frå no av var det Kari og Ivar som utgjorde Vestlandsduoen. Ivar skreiv nokre visetekstar, men brukte mest stoff frå andre. Melodiane laga han gjerne sjølv, og TONO har registrert 92 komposisjonar av Ivar Medaas. Den visa som Ivar vart mest kjend for var "Dar kjem dampen". Diktet var om dampbåten Oster, og skrive av presten Ragnvald Hammer. Ivar fann diktet i Bergens Tidende, og sette melodi til. Visa vart snart spela i radio, og blei umåteleg populær. Dette var i 1963.

Det var bonde Ivar skulle verta, og overta garden i Alversund. Han gjekk på jordbruksskule på Stend og på Ås, og flytta deretter til Oslo der han fekk seg jobb i tidsskriftet Norsk Landbruk. Frå 1963 slo han også gjennom som revyartist, i revyen "Det er jo så deilig", med Einar Schanke som revysjef. Ivar gjorde braksuksess på Chat Noir i Oslo, den største revyscena i Noreg. Og han gjorde det med hardingfele og striledialekt. At Ivar var ein stor humorist var kjend frå før. Han var stand-up-komikar lenge før nokon visste kva det var, og som revyartist fekk han bruka gjøglartalentet sitt til fulle. Sjølvironi vart eit varemerke for Ivar, men humoren gjekk ikkje ut over andre. Snart vart han underhaldningsartist på heiltid.

Etter ti år i Oslo flytta Ivar Medaas med familien attende til Alversund. Det nye huset stod ferdig i 1968. Han tok over bruket etter far sin, og vart bonde, samtidig som han også held fram med artistlivet. Ivar og Kari Medaas gav ut mange singelplater og LP-plater, og fleire av visene vart slagerar ein stadig kunne høyra på radio. Visene er ofte humoristiske, men også kjenslevare. Ivar samarbeida med kjende artistar som Øystein Sunde og Ove Thue, med bandet Dizzie Tunes og mange fleire av dei beste norske artistane.

Jan Spurkeland frå Seim har skrive boka "Ivar Medaas - gjøglar og felespelar", som kom ut på Genesis forlag i 2000. I denne boka kan ein lesa både om mennesket og kunstnaren Ivar Medaas, og om dei som stod han nærast. Her vert det fortalt om artige episodar frå oppveksten i Alversund, om framgang og suksess som artist, men også om motbakkar i livet. Ivar Medaas fekk fleire prisar for sin innsats, nokre av dei saman med Kari. Ein statue av den folkekjære artisten, laga av kunstnaren Arne Mæland, vart i 2010 avduka i Knarvik.

Kjelde : Boka "Ivar Medaas - gjøglar og felespelar" av Jan Spurkeland, Genesis forlag 2000.
Bilete : Ivar Medaas (foto : Helge Sunde).

17/10/2011
Del 7 : Arne Bjørndal
Arne Bjørndal (1882-1965) var frå garden Bjørndal i Eknesvågen, den gongen Hosanger, no Lindås kommune. Han var ein dyktig musikar, med hardingfela som sitt instrument. Mest kjend vart han likevel for sitt store arbeid som innsamlar og formidlar av norsk folkemusikk, og då særleg den vestnorske tradisjonen.
 Arne Bjørndal fekk si fyrste fele allereie som 10-åring, men hadde byrja å spela lenge før det. Han spela i sitt fyrste bryllaup då han var 14 år. Som ung gjekk han i snekkarlære hjå far sin, men hardingfela og slåttemusikken var det som opptok han heile livet. Allereie som 17-åring tok han fyrstepremie i sin klasse i ein stor kappleik i Vestmannalaget. Han gjekk i lære hjå Ola Mosafinn, den fremste av spelemennene på Vestlandet.

Arne Bjørndal hadde meir enn tusen konsertar på hardingfele. Mellom anna var han solist med Musikselskabet Harmonien i Bergen og med dei filharmoniske orkestera i Oslo og Gøteborg. Han var spelemann i over seks hundre bryllaup, og kjøkemeister i meir enn to hundre.

I 1911 fekk Bjørndal statsstipend for å samla slåttar, og då han overlet samlinga si til Universitetet i Bergen hadde den 2500 oppskrifter på musikk og nær 60000 handskrivne opplysningar til materialet, samt mange timar med lydopptak.

Også som forskar og forfattar gjorde Arne Bjørndal ein stor innsats. Ein biografi om Ola Mosafinn gav han ut i 1922. I 1939 kom ei bok om religiøse folketonar, mange av dei frå Strilelandet. Året etter kom boka "Ole Bull og norsk folkemusikk", og i 1950 "Nasjonalinstrumentet hardingfela". Det største arbeidet hans vart "Å fela ho let", som han gjorde ferdig saman med Brynjulf Alver, og som kom ut i 1966, året etter at Arne Bjørndal døydde. Boka omhandlar hardingfeletradisjonen gjennom 250 år. Han var dessutan medarbeidar i det sju band store verket om Norsk folkemusikk(1958-1967). I tillegg til bøkene og skriftene skreiv han ei mengd med artiklar i ulike aviser og blad.

Arne Bjørndal var også komponist, og i tillegg til å skriva musikk skreiv han viser og var ein dyktig songar. Han var den fyrste formannen i Nord- og Midhordland sogelag, som vart skipa i 1916, og han skipa bygdeungdomslaget Nordhordlendingen i 1919. Han var aktivt med og skipa Landslaget for spelemenn, der han var formann i mange år, og han har og mykje av æra for at folkemusikk og folkekultur frå Hordaland vart ein av berebjelkane i Festspela i Bergen, som tok til i 1953.

I 1954 vart Arne Bjørndal utnemd som riddar av 1.klasse av St.Olavs Orden. Eit relieff av Bjørndal, laga av kunstnaren Sofus Madsen, vart avduka i Grieghallen i Bergen i 1973. Ein kopi av dette relieffet finst på bautasteinen som vart reist i Eknesvågen i 1982, til minne om bygda sin store son. Steinen står ved Lindås skulemuseum, som er skulehuset der Arne Bjørndal var ein av elevane. Innsamlingsarbeidet som han starta har halde fram også etter hans død, og Arne Bjørndals samling er i dag ein del av Griegakademiet - Institutt for musikk - Universitetet i Bergen. Lydarkivet og samlinga av originale noteoppskrifter har auka mykje dei seinare åra.

Kjelde : Strilesoga, band 5, Eide forlag 2001. Artiklar på Internett frå Store Norske Leksikon og Universitetet i Bergen.

16/10/2011

Del 6 : Katharina Saltnes

Katharina Saltnes (1862-1945) frå Saltnes på Lindås var ukjend for dei fleste, men har fått ny merksemd dei siste åra, etter at Asbjørn Åsgard skreiv ei bok om kunstnaren i 2001. Katharina var både treskjerar og bilethoggar, og i Lindås kyrkje er det 10 marmorbilete som ho har laga.

Katrine-1.jpgKatharina hadde ikkje noko lett liv. Ho var berre sju månader gamal då mora døydde, og då ho var 4 år fekk ho poliomyelitt og vart kraftlaus i venstre sida og foten. Dermed laut ho gå med krykke resten av livet. Vegen frå Saltnes til Lindås gjekk helst i båt, og det vart for tungvint å få henne til og frå skulen. Dermed fekk ho lite skulegang, men måtte læra seg å lesa heime. Som 15-åring gjekk ho for presten, hjå den kjende prosten Jakob Hveding (1810-1895), som var prest i Lindås i 48 år.

I 1878 og 1879 var Katharina lærarinne med ansvar for krinsane Rødland, Askeland og Veland. Ho var den fyrste kvinnelege læraren i prestegjeldet, ja, kan hende på heile strilelandet. I 1883 gjekk ho eit tre månaders praktisk kurs på Lindås Amtsskole, med saum og veving som fag. Ho gjekk så i skreddarlære, og deretter eit par år på den tekniske kveldsskulen i Bergen, der ho lærde teikning. Så gjekk ho i lære hjå den kjende treskjeraren Lars Kinsarvik i Hardanger. På ei liste over 50-60 lærlingar hjå Kinsarvik, er Katharina den einaste kvinna.

Katharina fekk nokre små stipend, og slik kom ho seg til Kristiania (Oslo), der ho var elev ved Statens Kunst- og Handverksskule. Bilethoggaren Skeibrok var hennar læremeister, og under hans påverknad gjekk ho igang med modellering. Etter fire år i Kristiania drog ho til Stockholm og Den Tekniske Skolen der. Ei tid fekk ho bu i heimen til fru statsminister Gram, og ho vart invitert til slottet der ho fekk helsa på kong Oscar II, truleg kring 1898. Kongen hadde kjøpt ein utskoren ølbolle som ho hadde laga. Katharina budde og arbeida ei tid i Eksingedalen, men kom attende til Lindås og busette seg der tidleg på 1900-talet.

Katharina måtte kjempe mot sjukdom og fattigdom. At ho var kvinne og attpåtil kunstnar gjorde nok heller ikkje vegen lettare for henne. Det var nok mange som ikkje forstod å verdsetje det ho gjorde. Men ho fekk Kongens fortenestmedalje i 1936, så nokon hadde lagt merke til henne. «Hennar kunstnargivnad, karakter og energi er noko heilt eineståande», skreiv biskop Fleischer i brevet til kongen, då det vart søkt om medaljen.

Katharina hadde sterke historiske og nasjonale kjensler, noko som kjem sterkt fram i treskjerararbeidet hennar. Og ho var ei kristen kvinne som nytta motiv frå kyrkjesoga og salmediktinga. Ho såg på sine kunstnarevner som noko Gud hadde gjeve henne, og at det var hans vilje at ho skulle bruka desse evnene.

I Asbjørn Åsgard si bok om Katharina Saltnes, som kom ut på Nordhordland Forlag i 2001, kan vi studere mange av Katharina sine vakre kunstverk i tre og marmor, på bileta som fotograf Svein Hauge har tatt. Marmorrelieffa i Lindås kyrkje, som er av kjende salmediktarar og komponistar, er også attgjeve i den svært flotte boka.

Kjelde : «Katharina Saltnes - for de uberømte», av Asbjørn Åsgard med foto av Svein Hauge, Nordhordland Forlag 2001. Bilete frå digitalarkivet/uib.no

20/03/10

Del 5 : Kristian Matre

Kristian Matre (1877-1943) vart fødd på garden Kleiven i Myking (Lindås) i 1877, men allereie i 1884 flytta familien til Mjølkeråen i Åsane. Sjølv om Matre i sitt vaksne liv budde i Skien, er han ein typisk heimstaddiktar som skreiv om livet på strilelandet. I Nordhordland har det ikkje vore så mange av dei.

ScannedImage-4.jpgForeldra til Kristian Matre kom opphaveleg frå Masfjorden, og sjølv om han levde sine fyrste barneår i Lindås, var han nok mykje meir knytta til Masfjorden og slekta si der. I si ungdomstid ferierte han mykje i desse traktene. Då han var 15 år gamal byrja han på Garnes folkehøgskule, og her var det han skreiv dei fyrste småforteljingane. Han arbeida også ei tid i spinneriet på Salhus Tricotagefabrik, før han gjekk underoffiserskulen. Seinare arbeida han hjå fleire bokhandlarar, var forretningsførar i ei avis og hadde også eiga handelsverksemd. I tillegg var han politisk aktiv.

Debutromanen «Folkje i Botn» kom ut i 1926, då Matre var 49 år gamal, og tre år seinare kom «I bast og band», som også handlar om folket i Botn. Etter det kom det i åra 1930-1933 ein romantriologi om folket på Rabben : «Denne jammerdal», «Den harde striden» og «Millom eldar» var tittelen på desse bøkene. I 1934 kom så den siste romanen, «Det nye bodet», der han skil lag med bondelivsskildringa og det historiske. Han skreiv på to andre romanar, men desse vart aldri utgjevne. Kristian Matre døydde i 1943.

Handlingane i Matre sine fem fyrste bøker er lagt til Mjølkeråen og dei vestlege delane av Åsanehalvøya, sjølv om forfattaren ikkje nyttar dei rette namna på plassane han skildrar. Når han skriv om Botn er dette visstnok Slettestølen, litt sør for Mjølkeråen. Bøkene om folket i Botn skildrar tida på slutten av 1850-talet. Romantriologien om folket på Rabben byrjar også med den same tida, men flyttar seg raskt til siste halvdel av 1860-talet, så 1870-talet og til sist 1880-talet.

Matre skildrar folk og miljø, og er opptatt av religiøse og moralske forhold. I sine folkelivsskildringar er han påverka av psykoanalysen. I dag har bøkene fyrst og fremst historisk og kulturhistorisk interesse.

Kjelde og foto : "Frå Fjon til Fusa" (Årbok for Nord- og Midhordland Sogelag)1956 og 1957 : Hovudfagsoppgåve i norsk til språkleg-historisk embetseksamen, av Olav Hetlevik.

14/03/10

Del 4 : Ivar Kårdal

Ivar Ivarson Kårdal (1845-1928) frå Lindås skreiv ialt eit par hundre songar og viser. Mange av dikta stod på trykk i ulike aviser og blad.

ScannedImage-2.jpgIvar Kårdal var gardbrukar, og i tillegg mykje med i kommunalt arbeid i heimkommunen. Fråhaldssaka og målsaka var andre av "Kårdal'n" sine hjartesaker. Han var også ein av initiativtakarane då Lindås ungdomslag vart skipa.

I sin ungdom var Ivar fritenkjar, men då ein meiningsfrende tok livet av seg, vende han om til Gud. Nokre av dikta hans hadde eit kristent innhald, og han tala sjølv på kristne oppbyggingsmøte. Å vera visediktar og kristen forkynnar var ein uvanleg kombinasjon på den tida.

Ivar Kårdal sine dikt kunne kjøpast av omreisande kremmarar for 10 øre stykket. Idag er det ikkje så lett å få tak i desse dikta lenger, men i Lindåskalendaren 2010 finn du ein del av hans dikt på kalendarsidene!

For oss idag har dikta dessutan historisk interesse, både på grunn av dialektorda og fordi dei skildrar dagleglivet på den tida.

Kjelde og foto : Strilesoga, band 4, Atle Døssland og Karl Egil Johansen (Diktet "Fatigmannen" er attgjeve i boka). Eide forlag.

07/12/09

Del 3 : Haldis Reigstad

Haldis Reigstad vart fødd 18.november 1939 i Samnanger, og er sidan 1996 busett på Frekhaug i Meland. Ho er ein av våre mest leste og folkekjære lyrikarar.

Haldis Reigstad.jpgHaldis debuterte i 1987 med diktsamlinga «Under ein open himmel», på eige forlag. Seinare har bøkene kome ut på Sambåndet Forlag, og det har vorte mange diktsamlingar. Fleire av dikta har vorte tonesett og har kome med i Salmeboka og i sangbøker. Den mest kjende salmen er «Tett ved sida mi går Jesus», med melodi av Gunstein Draugedalen. Dette diktet er også omsett til skandinaviske språk og hebraisk.

Haldis skriv enkle kvardagsdikt, ofte med ein kristen bodskap. Ho hentar inspirasjon frå Guds ord, frå mellommenneskelege forhold og frå naturen. For det meste brukar ho nynorsk, men det er også nokre dikt på bokmål. Forma er enkel og lett forståeleg.

Her er eit oversyn over diktsamlingane : «Under ein open himmel»(1987). «Ved kjelda»(1989). «Roser i snø»(1992). «I di hand»(1994). «Leirkrukka»(1995). «Kvilesteinen»(1996). «Fotefar»(1998). «Solstreif»(1999). «Ein liten tone»(1999; CD med dikt og musikk). «Solstreif i kvardagen»(2000). «Solstreif ved juletid»(2000). «Solstreif gjennom tårer»(2001). «I stilla og tillit»(2003; CD med kristne songar). "Guds lampe brenn"(2003; andaktsbok og dikt). «Jordbærhagen»(2004; barnebok). «Undring»(2006). «Demring»(2007; dikt og musikk). «Himmeltonar»(2008). «Livsveven»(2009).

Kjelde : Artikkel i avisa "Dagen" 22.mai 2007 (Andreas Vistnes), m.fl.

Foto frå http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=16&id=3905

16/11/09

Del 2 : Olav Nygard

Olav Nygard vart fødd 10.juli 1884, på fjellgarden Nygard i Modalen. Garden ligg der fire dalar møtest og dannar ein kross, og difor heitte det Krossen der i eldre tid. Dette namnet er framleis i noko bruk.

Olav Nygard.jpgOlav var den nest yngste i ein syskenflokk på 10. Han jobba på garden og var dessutan nevenyttig og flink med trearbeid. Blant anna laga han feler, og han spela sjølv også. Tidleg byrja han å skriva, og diktet «Lilja» stod på trykk i Norsk Barneblad allereie i 1900.

I 1908 flytte Olav Nygard til hovudstaden, der han og kona Rakel levde i tronge kår. Den fyrste diktsamlinga, «Flodmål», kom i 1913. Same året fekk han tuberkulose. Han kom seg att då, men vart sidan sjuk att. I 1914 og 1915 kom det nye diktsamlingar : «Runemål» og «Kvæde». Han omsette også dikt til norsk, av forfattarar som Shakespeare, Keats og Robert Burns. Si siste diktsamling, «Ved vedbande», gav han ut i 1923.

Lyset er viktig i Nygard si dikting, inspirert av det han kunne sjå i og frå fjella rundt Krossen. Hans naturskildringar er gjerne metaforer for eigenskaper og tilstander i sjela. Mange av dikta var prega av tungsinn, og han skreiv om døden. I tillegg var ordbruken og biletbruken uvand og framand. Dette gjorde nok sitt til at få kjøpte bøkene hans. Men han vart samanlikna med dei største norske lyrikarane.

Julaftan 1923 kom det brev frå Arne Garborg, som hadde lest «Ved vedbande». Han takka for «det finaste me har av lyrikk på norsk». 11.februar 1924 døydde Olav Nygard, før han hadde fylt 40 år. Han er gravlagt på Østre Aker kirkegård, og på Mo vart det i 1932 reist ei minnestøtte over diktaren.

Lyrikaren og skodespelaren Claes Gill har sagt at dersom Nygard hadde skrive på eit verdsspråk, så ville han hatt rang som ein av verdslitteraturens store lyrikarar.

Kjelde : «Vennlige Vestlandsfjell», DNTS årbok 2007, artikkel av Torill Refsdal Aase, m.fl.

Bilete : Olav Nygard

09/11/09

Del 1 : Aslaug Låstad Lygre

Diktaren Aslaug Låstad Lygre var frå Lindås. Ho er rekna som ein av våre største lyrikarar i etterkrigstida. Det mest kjende av dikta hennar er «Vi skal ikkje sova bort sumarnatta», tonesett av Geirr Tveitt.

Aslaug L Lygre.jpgAslaug Låstad Lygre vart fødd i Lindås 12.desember 1910. Ho debuterte med diktsamlinga «No blømer alle rosene» i 1943. I diktsamlinga «Eld av steinar», som kom ut i 1948, finn vi diktet «Vi skal ikkje sova bort sumarnatta». Det vart til på Luster sanatorium, der Aslaug måtte vera ei tid etter å ha fått den frykta sjukdomen tuberkulose, og der ho budde saman med døande menneske. Til tone av Geirr Tveitt har fleire visesongarar gjort dette diktet kjent og kjært for heile det norske folk.

Det eigentlege gjennombrotet for lyrikaren kom med den neste diktsamlinga, «Den einsame roaren», i 1952. Diktet om roaren har sitt utgangspunkt frå Lindås. Rutebåten til Vågseidet gjekk gjennom Haukåsstraumen, og lyktene måtte vera kveikte om kvelden for å vise leia gjennom det smale sundet.

Fleire diktsamlingar fylgde : «Rit di rune» i 1957, «Fest i september» i 1960 og «Primulakveld» i 1964. Dikta hennar er vakre naturskildringar med inspirasjon frå Nordhordland, og det er dikt om kjærleik, einsemd og dei små og nære ting i tilværet. Dikta kan også vera melankolske og prega av tungsinn, og ho skriv om dødens mysterium.

Aslaug Låstad Lygre fekk Statens kunstnarstipend i 1953, og Gyldendals legat i 1964, noko som gjorde at ho kunne reise ein del i Europa. Ho døydde i 1966, berre 56 år gamal. Ei minnestøtte vart reist på Lindås i 1982. Gyldendal gav ut hennar «Dikt i utval» i 1978, og «Dikt i samling» kom i 2005 (Norsk Bokreidingslag).

Kjelder : Arikkel i avisa Nordhordland : http://www.nordhordland.no/puls/article1524377.ece

Boka «Leia langs Norskekysten» av Anders Bjarne Fossen, Bodoni forlag 2007 og Wikipedia-artikkel på internett : http://no.wikipedia.org/wiki/Aslaug_Låstad_Lygre

Nordhordland Bibelsenter Alvermarka 39, 5911 Alversund
___________________________

Tlf: 902 20 938
E-post: post@bibelsenter.no
___________________________

Konto nr.:
6529 05 14767
Konto nr. misjon: 6529 05 14791